Klart for det tiande Hjortatrakket

UT PÅ TUR: Søndag er det tid for organisert tur i Husnesfjella igjen. (Arkivfoto: Geir Berntzen).

UT PÅ TUR: Søndag er det tid for organisert tur i Husnesfjella igjen. (Arkivfoto: Geir Berntzen).

Søndag 16. juni arrangerer Søral BIL fjellturen «Hjortatrakket» med fine premiar og krus til alle deltakarane.

DEL

Geir Yven i Søral BIL håpar på høveleg vêr og god deltaking:

– I 2013 sette vi rekord med 140 deltakarar, fortel Yven som ikkje blir lei seg om rekorden blir slått.

Start og mål er ved Hydro Husnes sitt administrasjonsbygg. Tradisjonen tru kan deltakarane velja mellom lang og kort rute. Den lange går til Mjelkhaug (om lag 20 kilometer/sju timar), medan den korte er kalla Svanhei-ruta (om lag 11 kilometer/fire timar). Arrangørane har vaktpostar ved rundkøyringa på Helland, Nordefjell, Vardhaugselet, Mjelkhaug, Svartavatnet og Bremstølen.

– Vi har arrangert Hjortetrakket kvart år sidan 2010, men måtte justera løypa litt éin gong på grunn av mykje snø, og éin gong på grunn av tett skodde, fortel Yven,

Søral BIL lovar krus til alle deltakarane, eventuelt fargerike solbriller om det er nokre unge deltakarar som heller vil ha det. 10 deltakarar blir trekte ut på startnummeret og får fine premiar frå rause sponsorar.


Artikkeltags