Åslaug er 54 år og busett i Bergen. Ho er gift og har ein vaksen son.

Brænde har bakgrunn frå tilsvarande stilling som kommunalsjef i Sogndal, og har elles jobba som leiar i kommunale pleie- og omsorgstenester, samt med utviklingsoppgåver i Bergen kommune i mange år, skriv kommunen i eit Facebook-innlegg.

Ho kjem no frå stilling som einingsleiar i Bjørnafjorden kommune.

Åslaug er sjukepleiar med vidareutdanning i mellom anna psykisk helse, helsefremjande og førebyggjande arbeid.

Ho vil tiltre stillinga i løpet av sommaren.

Frå 1. mai, og fram til Brænde begynner i jobben, blir Leif Kongestøl som nemnd konstituert som sektorleiar. Kongestøl er i dag einingsleiar ved Rosendalstunet.