Pappa Eirik er ein skikkeleg handy-mann, som likar å mekka, skru, sveisa og grisla på. Men då gutane hans kom inn i garasjen for rundt tre år sidan og bad han læra dei å sveisa, tente dei ein gnist i pappen sitt hjarta. Og snart fauk også gnistane bokstaveleg tala i garasjen til Eirik på Sandvol.

– Det var litt skummelt å sveisa i starten, når gnistane fauk, men det gjekk kjapt over. Eg trudde dei skulle falla av lasset rimeleg kjapt, men det gjorde dei ikkje. No kan dei handtera fleire verktøy enn dei fleste på sin alder, fortel Eirik.

 

– Stikksag, vinkelslipar og sveiseapparat, til dømes, legg yngstemann Hallvard til.

Eirik kom på at dei tre kunne byggja ein olabil saman, og det gjorde dei. Eit oljefat blei til karosseri, og hjula blei plukka frå ei barnevogn. Denne første olabilen fekk namnet «Rat Rod», og gutane kalla seg «Team Kvålity», etter ein idé av stuntpoet Arne Torget.

Gode plasseringar i løp

I 2015 deltok Lars og Hallvard på sitt første løp, Tysnesfest Grand Prix. Det enda med førsteplass og pokal på Lars i open klasse, og andreplass på Hallvard i meisterskapsklassen. Det syntest gutane var så moro, at pappen meldte dei på NM i olabilløp i Oslo. Der fekk Lars fekk femteplass i juniorklassen (12–17 år), og Hallvard fekk fjerdeplass i Kid-klassen (7–11 år). Men den gjevaste prisen var nok «Best in show» som dei fekk for den originale oljefat-bilen. Sesongen etterpå, i 2016, deltok Team Kvålity på dei same løpa med same bilen. Planen var eigentleg å byggja ny bil, men fordi pappa Eirik skadde seg, blei det ikkje høve til det. I staden fekk Rat Rod-en nokre justeringar, fordi gutane hadde vakse så mykje på kort tid. Rattet og bremsepedalen måtte flyttast, og stolen måtte få nokre centimeter meir å gå på. På Tysnesfest Grand Prix bytte dei to brørne om på plasseringane frå året før; Hallvard tok førsteplassen i open klasse og Lars tok andreplass i meisterskapsklassen. I NM i Oslo fekk Hallvard andreplass i Kid-klassen, medan Lars tok fjerdeplassen i juniorklassen.

Ny bil

I år har karane fått bygd seg ein heilt ny bil. Den er mykje meir solid, bygd av kassert stål, har ombygd forstilling frå ein Cross-Cart, hydraulisk styring frå båt, bremsepumpe frå ein bil, og hjul og skivebremser frå ein scooter. Skroget er bygd av fire millimeter tjukk kryssfinér. Pappa Eirik har tenkt ut og vist, medan gutane har gjort mesteparten av sveisinga, skruinga og lakkeringa, før pappen har gjort siste justeringane.

– Dette er eigentleg ikkje noko døme på ein olabil. Dette er det som skjer når galskapen tar over, ler Eirik.

Då dei viste denne bilen fram på vårmønstringa på Husnes for to helger sidan vann dei til og med prisen «Juryens favoritt». Bilen har fått namnet «Dart Rod» fordi den er inspirert av Kjetil Merchant Sunde, Eirik sin bestekompis, sin bil av typen Dodge Dart Hemi. Eirik, Lars og Hallvard har nemleg vore med Kjetil på dragrace og sett denne bilen delta på løp på Thunder Valle og Gardermoen. Karosseriet på denne olabilen er laga av kryssfinér, og er lakka i dei same tøffe fargane som kjetil sin bil – oransje og svart. Kjetil har sponsa materialane til bilen.

Team Kvålity har dessutan fått fleire sponsorar etter kvart, som skal få logoane sin på bilen. Karane har til og med fått løyve frå ordførar og rådmann til å klistra kommunevåpenet på bilen! I helga fekk dessutan bilen «frontrute» med auge på, slik at den liknar på ein bil frå animasjonsfilmen «Biler».


Øvekøyring

Førre veke fekk Kvinnheringen vera med Eirik og gutane då dei testa den nye bilen i Teigen, i bakkane rundt runet til Ronny Teigen. Bilen er bygd slik at den akkurat passar inn baki Eirik sin varebil. Dei øvekøyrer ikkje med sjølve karosseriet, det er berre for show i løp. Det passar ikkje inn i bilen til Eirik, så når dei skal reisa må olabilane på hengjar.

Olabilar har ikkje motor, berre bremser.

– Det er mange som trur at det du ser her framme er motoren, men det er berre bremsesystemet, fortel Lars og peikar på boksen og slangane framfor rattet.

Etter kvar tur ned ein bakke, må bilen skubbast opp igjen til ny tur. Det er ganske tungt, for bilen i seg sjølv veg nokon og 90 kilo. I tillegg må ein sitja i bilen og styra den.

– Dagens trim, dette! ler Lars medan han og pappa Eirik skubbar Hallvard og bilen. Han får køyra først.

 

 Det skal mykje finjustering til for at bilen går optimalt.

– Målet er å øva så mykje at gutane tør å «gutsa» på og bremsa minst mogleg i løp. Det er beste tid som gjeld, og då må ein klara å køyra gjennom løypa fortast mogleg, forklarar pappen.

Etter nokre rundar ned bakken er fotografen nøgd, og karane har fått sjå korleis styring og bremsar fungerer. Første løp denne sesongen er Dyreparken Grand Prix i slutten av mai og seinare NM i Oslo.


 

Ønskjer seg lokale løp

– Kva synest de er kjekkast då, å sveisa eller køyra?

– Kva trur DU er kjekkast for ein gut? Å stå og mekka på bilen i ein garasje, eller å køyra? Det er sjølvsagt køyringa som er moro! seier Hallvard sjølvsikkert.

– Mange fleire burde bygd seg olabilar. Då kunne vi fått til eit løp her i Kvinnherad! Det er draumen vår, legg han til med eit breitt smil.

– Ja, og bilane treng ikkje vera så avanserte. Då eg var unge laga vi olabil av ei gammal barnevogn som var kasta i elva. De skulle berre visst kor vanskeleg det var å få laga eit hol i ein treplanke. Ingen hadde den typen verktøy heime på den tida, seier Eirik til sønene.

Han håpar no at fleire vil tenna på ideen om å laga sine eigne olabilar, slik at ein får ei «bølgje» i heile Kvinnherad.

– Eg veit det har vore arrangert lokale løp tidlegare, blant anna på Utåker. Dette er ein super hobby for både gutar, jenter og vaksne. Bli med! lokkar Eirik.

Og vil du ha inspirasjon, sjå video av når gutane køyrer, eller lesa meir om prosessen frå start til ferdig olabil, så kan du sjekka ut heimesida deira: www.teamkvaality.com. Eirik legg til at han gjerne kan bidra med tips viss nokon tar kontakt.

 

Ny serie – Kreative kvinnheringar

Rundt omkring i heile Kvinnherad finst det kreative og engasjerte folk som har artige, sære og sprø hobbyar eller interesser. Nokon lagar ting, andre er samlarar. Nokon alar opp uvanlege dyr, andre brukar seg sjølv på litt uvanlege måtar. Nokon har det rett og slett berre veldig moro på fritida si. I denne serien blir vi kjent med nokre av dei. Har du tips til hobbyar vi bør skriva om? Gi oss ein lyd!