Levande fritidsmesse

Denne glade gjengen ønskjer velkomen til Fritidsmessa 2019 21. september. F.v. og rundt: Ingvild Marie Hilde (Aktiv Fritid), Ágúst Magnússon (Kvh. kultursenter), Rita Handeland (Aktiv fritid), Veronica T. Thorsen (Frivilligsentralen), Karianne Solheim (Kvh. kultursenter), Geir Ove Fosse (Aktivitet læring og meistring), Kristian Helgesen (idrettskons./folkehelsekoordinator) og Monica Haugsdal (Integrering og opplæring).

Denne glade gjengen ønskjer velkomen til Fritidsmessa 2019 21. september. F.v. og rundt: Ingvild Marie Hilde (Aktiv Fritid), Ágúst Magnússon (Kvh. kultursenter), Rita Handeland (Aktiv fritid), Veronica T. Thorsen (Frivilligsentralen), Karianne Solheim (Kvh. kultursenter), Geir Ove Fosse (Aktivitet læring og meistring), Kristian Helgesen (idrettskons./folkehelsekoordinator) og Monica Haugsdal (Integrering og opplæring).

Artikkelen er over 1 år gammel

– Bruk dette unike høve til å profilera laget dykkar, oppmodar arrangørgruppa bak Fritidsmessa 2019. Dagen er laurdag 21. september.

DEL


Arrangøren legg i år opp til ei fritidsmesse med mangfald og fart i. Heile området ved Kvinnherad kultursenter i Husnes sentrum skal takast i bruk – både inne og ute. Bak arrangementet står kommunen, representert ved Frivilligsentralen, Kvinnherad kultursenter, Aktivitet læring og meistring, Integrering og opplæring, Aktiv fritid og idrettskonsulenten/folkehelsekoordinatoren.

Mangfald og pengepremie

I desse dagar går det ut invitasjonar til alle kjente lag og organisasjonar.

– Vi har god plass og ønskjer at så mange som mogleg blir med på dette. Utstillarane vert oppmoda om å tenkja ut kjekke aktivitetar, demonstrasjonar og gjerne konkurransar på standen sin, slik at det verkeleg vert liv og røre i sentrum denne dagen, sa Veronica T. Thorsen frå Frivilligsentralen på pressekonferansen om messa denne veka.

Arrangøren set ingen grenser for kva type utstillarar det skal vera.

– Her er alle velkomne – uansett kva aktivitet ein driv med. Og dersom nokon treng hjelp til å laga plakatar eller brosjyrar, kan vi hjelpa til med det òg. Elles legg vi sjølvsagt til rette med bord og det som trengst til den enkelte utstillaren, lova ho.

– Dette er eit unikt høve til å profilera kva ein driv med, og til å få fleire medlemar med i laget sitt, la Ingvild Marie Hilde i Aktiv fritid til.

I år vert det lagt opp til konkurranse mellom utstillarane når det gjeld fantasi og tilrettelagt aktivitet.

– Vi kårar beste stand med ein pengepremie på 5.000 kroner.

Minisirkus og tilflyttarsamling

Før fritidsmessa opnar midt på dagen, blir det oppvarming med minisirkuset til klovnen Palle Bay Henriksen, i regi av Kvinnherad Kultursenter. «Plutseleg sirkus» heiter den artige førestillinga med sjonglering, akrobatikk, einhjuling og ymse anna.

– Sirkuset er moro både for små og store. Etter førestillinga får publikum sjølv høve til å prøva seg som sirkusartist, lokka Ágúst Magnússon.

Når fritidsmessa sluttar av, er det tid for den årlege tilflyttarsamlinga for nyinnflytta kvinnheringar.

– Dermed får laga ein sjanse til å profilera seg overfor mange som truleg nettopp er på jakt etter ein fritidsaktivitet, la arrangørgruppa vekt på.

– Be om invitasjon

Arrangøren veit at ikkje alle lag og organisasjonar er registrerte på ein slik måte at dei blir fanga opp når invitasjonane vert sende ut.

– Lag som ikkje får invitasjon er velkomne til å kontakta oss direkte, då vi elles vanskeleg klarer å nå alle. Som sagt legg vi ikkje føringar for kva laget skal driva med, så det er berre til å ta kontakt, oppmoda Thorsen om.

Dette er femte gongen Fritidsmessa vert arrangert. Målet er å arrangera denne annakvart år.

– Sett av laurdag 21. september, for dette blir spennande, helsar den glade gjengen i arrangørgruppa.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags