Gløym spinnarar – den nye dilla blant barn og unge er «slim»

Slim er skikkeleg moro å både laga og leika med, meiner venninnene Delia Rodriguez Moberg (t.v.), Aurora Langeland og April Opsanger.

Slim er skikkeleg moro å både laga og leika med, meiner venninnene Delia Rodriguez Moberg (t.v.), Aurora Langeland og April Opsanger.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Og nei, vi meiner ikkje sånt du har i nasen eller halsen viss du blir sjuk. Slimet vi snakkar om er gummiaktig, mjukt og godt å kneppa på, og er å få kjøpt i alle slags fargar. Den nye trenden no er at ungane lagar slimet sjølv. På Instagram og Youtube finst det uendeleg mange videosnuttar av folk som lagar slikt slim, eller knepper på det. Både konsistensen, fargen og lyden det lagar er tilfredsstillande. Sannsynlegvis kan dette leiketøyet kategoriserast på same måten som spinnerane, det er moro å berre dilla med det, som ein slags «stressball».

Vi møtte venninnene Aurora Langeland, Delia Rodriguez Moberg og April Opsanger i Husnes sentrum, der dei delte ut flygeblad med informasjon om at dei laga og selde slim. Vi blei nysgjerrige, og spurde om å få vera med tiåringane og sjå prosessen. Heime hos Delia fann jentene fram ingrediensane dei trong på stovebordet, og sette i gang.

– Vi har prøvd kjempelenge, men ikkje fått til å laga det. Vi fekk ikkje rette konsistensen på slimet. Men så såg vi ein Youtube-video som forklarte kva vi trong, fortel jentene.

– Her er eit slim vi laga for ei stund sidan. Det blei alt for hardt, seier Delia, og viser oss ein ganske stor, hard klump.

Mor til Delia, Lisabelle Rodriguez, fortel at alle slags rare ingrediensar i heimen begynte å forsvinna:

– Eg trur dei har prøvd alt frå tannkrem, shampo og barberskum til såpe, lim og vatn. Det er mykje eg ikkje har i skapa mine lenger! Men dei får berre styra på. Det er kjekt at dei har noko å eksperimentera og leika seg med, ler ho.

Oppskrifta Aurora, Delia og April brukar no, er linsevatn, lim og natron. Dei blandar og rører, justerer med litt meir linsevatn, og snart har slimet rette konsistensen.

– No er det jo kvitaktig. Har de prøvd å farga slimet?

– Ja, vi har prøvd med maling og konditorfarge, men det gjekk ikkje så bra. Det fekk slimet til å tørka ut, fortel Aurora.

– Det bør oppbevarast i ein tett boks, legg April til.

– Men kva er det som er så kjekt med slim, då?

– Det er berre moro å kneppa, dra i det og leika med det. Det er avslappande, smiler jentene.

Slim-trenden:

•Den siste trenden med slim finn du over alt på Internett og i sosiale medium der barn og unge brukar mykje av tida si. Over tre millionar Instagram-postar har emneknaggen #slime, og det finst uendeleg mange Youtube-videoar som lærer deg korleis du lagar ditt eige slim.

•Slim-liknande leiketøy har vore på marknaden i fleire tiår. Dei som vaks opp på 90-talet hugsar sikkert tv-program der deltakarar i konkurransar fekk klissete, grønt slim ned over hovudet som «straff», eller at slimet kom i små boksar slik at det lagde prompelydar når du trykte fingeren nedi. Men den siste trenden handlar ikkje om at slimet skal vera ekkelt. Det skal derimot vera tiltalande, helst i sterke fargar og med glitter eller perler i, og det skal vera godt å ta i. Slimet det handlar om no, kan derfor kategoriserast ein stad mellom kunst og ein stressball.

•Trenden har spesielt tatt av for dei som er opptekne av fenomenet Autonom sensorisk meridiansk respons (ASMR). Det er beskrive som ei behageleg kriblande kjensle i hovudet, på skalpen, ryggen eller perifere område av kroppen, i respons til visuelt, auditorisk, lukt og/eller kognitive stimuli. Å anten leika med slim sjølv eller sjå andre gjera det, kan framkalla ASMR hos einskilde.

Etter at ingrediensane er blanda saman, må jentene røra ei stund for å få den rette konsistensen. Kanskje må dei ha meir natron i røra?

Etter at ingrediensane er blanda saman, må jentene røra ei stund for å få den rette konsistensen. Kanskje må dei ha meir natron i røra?

Lim, natron og linsevatn er ingrediensane som skal til for å laga slim, ifølgje dei tre 10-åringane. Men kor mykje ein skal ha av kvar ingrediens krev litt prøving og feiling.

Lim, natron og linsevatn er ingrediensane som skal til for å laga slim, ifølgje dei tre 10-åringane. Men kor mykje ein skal ha av kvar ingrediens krev litt prøving og feiling.

Artikkeltags