Arne Ingard samlar på «førstedagsbrev»

I ein kjellar på Valen har Arne Ingard Myhre lagra eske opp og eske ned med mange tusen heilt spesielle brev.
Publisert

Dei fleste av oss samlar på eitt eller anna, det vere seg «Mummikoppar», sko, teikneseriar eller Cola-korkar, til dømes. Men få har nok samlingar som består av mange tusen ulike objekt, slik som Arne Ingard Myhre (59) på Valen. Han samlar nemleg på ein spesiell type brev – såkalla «førstedagsbrev». Eit førstedagsbrev er ei postsending som er stempla den dagen frimerket blei gitt ut. Til no i år har det vore ni frimerkeutgivingar, og den siste kom 7. oktober. Det finst uendeleg mange variantar både av frimerke, og konvoluttar og postkort som frimerka blir limt på.

– Motiva er jo det eg er mest oppteken av. Eg er fascinert av detaljar, og frimerka kan jo nesten vera små kunstverk i seg sjølv, fortel samlaren.

Frimerke frå Sverige

Som postmann er det kanskje ikkje så overraskande at Arne Ingard samlar på frimerke og brev. No har han jobba 30 år i Posten, men interessa for frimerke kom lenge før. Det har han samla på i nesten 50 år.

– Eg fekk noko av far min, men han samla ikkje så mykje. Bestefar hans derimot, altså min oldefar, hadde visstnok ei stor frimerkesamling. Men den har eg aldri sett.

Den første store opplevinga som kanskje gjorde at han begynte å samla på frimerke, skjedde då han var 11 år. I 1969 hadde Bergens Tidende ein notis på trykk om at Sverige skulle gi ut Nobel-frimerke. Desse merka fekk Arne Ingard lyst på, og derfor skreiv han eit brev som han sendte i posten. Inni brevet la han ein konvolutt, og bad om at frimerka blei limt på denne konvolutten og førstedagsstempla same dagen frimerka kom ut. Utanpå brevet skreiv han berre «Til postmeisteren i Sverige», men utan noko adresse. Men brevet hans kom fram likevel, og etter ein månad kom konvolutten han hadde sendt førstedagsstempla tilbake til han med svenske Nobel-frimerke på. Det hugsar han var stor stas.

Plastkassar i kjellaren

På 80-talet begynte Arne Ingard å abonnera på førstedagsbrev, men det er kanskje dei fem siste åra at han aktivt har begynt å samla på desse.

– Men med så uendeleg mange variantar – korleis veit du kva du skal leita etter eller kva som er verdt å samla på?

– Alt eg ikkje har i samlinga frå før, er interessant for meg. Eg har skanna alle breva, og har dei på ein harddisk. Der kan eg leita opp om eg har breva frå før. Men det kjem jo stadig nye. Eg jobbar no med å laga eit album i Excel, slik at eg får ei oversikt over kva eg har.

I tillegg har Arne Ingard alle breva i fysisk form. Dei har han lagra i boksar og esker i kjellaren i huset han bur i på Valen.

– Det er nok ikkje heilt ideelt å oppbevara dei slik, med tanke på temperaturforskjellane. Plastboksane kan vel kanskje skapa litt kondens også. Men eg har ikkje andre plassar å ha samlinga, så då er det blitt slik, seier han.

Samlarverdi

Førstedagsbreva er anten konvoluttar eller «maxikort» (postkort), og har mange ulike motiv, eller «vignettar» som det blir kalla. Det finst både bildevignettar, stempel- og tekstvignettar. Det kan til dømes finnast tjue-tredve ulike førstedagsbrev med same frimerka, men med ulike konvoluttar, og det er derfor det er spennande å leita etter dei ulike variantane til samlinga. Til dømes har John Gunnar Broks på Husnes laga slike konvoluttar og frimerke, som Arne Ingard har i samlinga si. Det blir også gitt ut spesielle jubileumsversjonar og myntversjonar. Postmann Arne Ingard har rundt 5.000 ulike norske objekt i førstedagsbrev-samlinga si, men i tillegg har han førstedagsbrev frå Færøyane, Island og Danmark. Han kjøper dei stort sett på nett-auksjonar på Ebay, Gibud.no og QXL, men nyleg køyrte han 75 mil tur-retur for å vera med på ei frimerkemesse som Stathelle frimerkeklubb arrangerte ved Brevik i Telemark. Der kjøpte han med seg ni førstedagsbrev. Han sel også nokre av breva, viss han har fleire kopiar, eller «dublettar» som det heiter.

– Eg kjøpte ein gong fem dublettar av eit førstegangsbrev på Ebay for 250 kroner. Tre av dei la eg ut på QXL, og fekk til saman 2.500 kroner for dei, smiler Valebuen.

Men han understrekar at det ikkje er sjølve pengeverdien som betyr noko. Førstedagsbreva har først og fremst ein personleg verdi. Å samla på førstedagsbrev har dessutan vore litt uglesett, fordi det er eit «laga produkt». Breva går stort sett ikkje gjennom posten, men kjem i samlarkonvoluttar. – Dei er jo overfrankerte greier. Men eg veit om samlarar som har kjøpt ein konvolutt og frimerke den dagen det blir gitt ut, fått det stempla, og sendt til seg sjølv i posten. Då er det jo teknisk sett eit førstedagsbrev som har gått gjennom posten.

Samlarklubbar

Arne Ingard er medlem av fleire samlarklubbar, både som aktivt medlem og støttemedlem. Gjennom medlemsskapet i Kvam frimerke- og myntklubb, som er ein forbundsklubb, får han medlemsbladet «Norsk Filatelistisk Tidsskrift». Han er sjølvsagt også med i Kvinnherad Myntklubb.

– Det er alltid ein fordel å komma i lag med andre samlarar, både for det sosiale sin del, men òg for å dela kunnskap. 10. oktober hadde Kvinnherad Myntklubb møte og auksjon. Slike kveldar kan kven som helst komma på om dei er nysgjerrige. Der er det ikkje berre medlem som samlar på myntar, det kan vera postkort og frimerke òg. Elles er jo håpet at samlarmiljøet blir større, så det er berre å ta kontakt med oss, oppmodar Arne Ingvard.

Og så er det jo ofte slik med samlarar, forutan at samlingane «ballar på seg», at dei samlar på fleire ting. Arne Ingard samlar som nemnt på førstedagsbrev og frimerke, men i tillegg samlar han også på modell-lokomotiv og vogner til modelljernbane.

– Eg hadde jo ein draum om å få ein slik bane, men det har ikkje blitt noko av til no, smiler han.

Det får vi skriva om ein annan gong.

I denne bildeserien kan du sjå mange ulike døme på førstedagsbrev med ulike vignettar og frimerke:

Fakta:

Arne Ingard er teknisk sett ein filatelist, sjølv om han kallar seg ein frimerkesamlar. Filateli er studiet av og fritidsinteressa som går ut på å samla på frimerke og andre postrelaterte objekt som konvoluttar, frankeringsmerke, førstedagsbrev og poststempel. Ein filatelist er ein som samlar både filatelistiske objekt og kunnskapen om dei.

Artikkeltags