Fyrstkomande måndag kveld startar jentehobbyklubben opp att i Rosendal motell. Fokus i haust vert på mat frå forskjellige land. Alle jenter og kvinner er velkomne til å vera med, smaka og laga mat. Fyrste kvelden skal vi laga noko norsk: Vaflar med plommesyltetøy.

Jentehobbyklubb er eit samarbeid mellom soknerådet til Kvinnherad kyrkja og Omvikdal Bygdekvinnelag, men ein må ikkje vera medlem i nokon av desse organisasjonane for å vera med på denne klubben. Her er det berre å komma. Målet i haust er å få til jentehobbyklubben som studiesirkel, og difor få støtte til dette frå studieforbundet og kanskje andre instansar. Difor blir det ein symbolsk medlemspris på 50 koner per år for dei som vil. Her er bilete frå planleggingskvelden vår, teke av Mohamed Abukar Mohamed. På biletet ser du Noelia Vega, Nasra Omar Mohamed, Esther Falk, Yossira Gjuvsland, Solfrid H. Siqveland, Berta Haugland og Maren Guddal Husby, som ynskjer velkommen til mat, smak og kjennskap!