Gå til sidens hovedinnhold

Hoem til biblioteket

Artikkelen er over 1 år gammel

Edvard Hoem besøker Kvinnherad bibliotek.

– Vi på biblioteket gler oss stort til sjølvaste Edvard Hoem kjem til biblioteket på måndag 25. november. Det har vore stor interesse for hendinga, og vi trur det blir fullt på biblioteket denne kvelden, så vi oppmodar publikum om å vera tidleg ute for å sikra seg plass.

Allsidig

Edvard Hoem debuterte i 1969, og har ein svært stor og allsidig litterær produksjon bak seg: dikt, roman, drama, biografi. I tillegg har han gjendikta fleire stykke av Shakespeare til norsk. Han var i ein periode teatersjef i Molde, skriv Kvinnherad bibliotek i ei pressemelding.

I seinare tid er det bøkene om utvandrarane i Hoem-slekta som har gjort han til ein av dei mest populære samtidsforfattarane i Noreg: Slåttekar i himmelen, Bror din på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd. Dei inngår i eit stort krønikeverk som ein kan seia byrja med den sjølvbiografiske boka «Heimlandet. Barndom» (1985). Og som har fortsett med «Mor og fars historie» (2005) , «Jordmor på jorda» og «Huset under Blåhammaren» (2018).

Bokåret

Edvard Hoem skal snakka om desse bøkene og alt arbeidet som ligg til grunn for å kunne skriva så truverdig om «liv andre har levd» som han har gjort.

Dette arrangementet er ein del av markeringa av Bokåret 2019 og er i samarbeid med Hordaland fylkeskommune, melder biblioteket.

Les også

På denne konserten kan det meste skje

Kommentarer til denne saken