Dette går fram SKL sin halvårsrapport der første halvår 2021 vert karakterisert som godt.

«Vinteren starta med normalisering av prisane etter kvart som kraftoverskotet som prega 2020 vart redusert og produsentane fekk kontroll i magasina. Lang periode med kulde og lite snø i fjella, løfta prisen ytterlegare. Våren har vore prega av tørt vêr, idriftsetting av ny kabel-link til Tyskland, samt høge brensels- og CO₂-kvoteprisar, alt dette forhold som har bidratt til høg kraftpris», heiter det innleiingsvis i halvårsrapporten.

Driftsresultatet vart heile 374,8 millionar kroner, mot 3,6 millionar kroner for første halvår i fjor. Etter skatt blir halvårsresultatet krympa til 152,4 millionar kroner i år, mot minus 15,4 millionar kroner i fjor.

Det er ingen tvil om at årets straumprisar har slått svært positivt ut: Ser me øvst på SKL sin halvårsrekneskap, gav energisalet heile 623 millionar kroner i kassa første halvår. For tilsvarande periode i fjor var dette talet på 149. Held straumprisane fram på same måte, kan SKL koma opp mot rekordåret 2018 då selskapet landa på 1,2 milliardar i salsinntekter.

Kraftproduksjonen er derimot svært så stabil: Første halvår 2021: 1.030 GWh i SKL sine anlegg, mot 985 første halvår 2020, blir det opplyst i halvårsrapporten.

Selskapet sin del av produksjon i heil- eller deleigde småkraftselskap utgjorde 34,6 GWh første halvår i år, mot 65 GWh i første halvår i fjor.

Utanlandskablane

I følgjeskrivet til halvårsrapporten går SKL inn på i kva grad utanlandskablane har skulda for den høge straumprisen:

«Det har vore medieoppslag om at den høge kraftprisen skuldast utanlandskablane. Dette er berre delvis rett. Kablane gjer at krafta strøymer dit etterspurnaden er størst, og dermed prisen høgast. Norske vasskraftprodusentar har fått godt betalt for straumen me produserer både i innanlandsmarknaden, og gjennom utveksling. Men me importerer også rimeleg vind- og solkraft gjennom dei same kablane når det er stor produksjon av denne fornybare energien i nabolanda våre. Då vert prisen pressa ned i dei periodane. I sum kan me seia at prisen for straum er vorten litt høgare med dei nye kablane, 3–5 øre per kilowattime seier NVE, men samstundes med mindre variasjon enn me ville hatt utan kablane. I tillegg har prisen for CO₂-utslepp vorte mykje høgare, og brensleprisane for kol, olje og naturgass, er høge. I sum fører det til høge prisar på energi, også straum», skriv SKL.

Halvårsrapporten og halvårsrekneskapen kan du lesa i heilskap her.