Høgre-glede over kraftverk-ja

Liv Kari Eskeland og Leif Sverre Enes er glade for at Onarheim Kraftverk no kan realiserast. (Pressefoto).

Liv Kari Eskeland og Leif Sverre Enes er glade for at Onarheim Kraftverk no kan realiserast. (Pressefoto).

Olje- og energidepartementet opprettheld NVE sitt ja til bygging av nytt kraftverk i Onarheimselva på Husnes.

DEL

Dette går fram av ei pressemelding frå Høgre tysdag ettermiddag. Det er og informert om avgjersla på regjeringa sine nettsider. Det er SKL og Kvinnherad Energi som står bak søknaden om å byggja Onarheim kraftverk.

– Dette er eit kraftverk som vil produsera 27GWh i snitt, og slik sett bli eit godt bidrag til fornybar kraft som Kvinnherad kommune er med på å yta til fellesskapet, seier Liv Kari Eskeland, medlem i energi og miljøkomiteen på Stortinget, valt inn frå Hordaland, og tidlegare ordførar i Stord.

– Det har vore tett kontakt opp mot SKL og departementet for å få avklart denne saka, og dei faglege argumenta og dei avbøtande tiltaka som er lagt inn, har styrkt OED si innstilling til at dette er eit prosjekt der ein har oppretthalde NVE sitt vedtak, og med det avslått klagen. Vi treng meir fornybar energi på sikt, og utnytting av vasskraftressursane våre viser seg ofte å vera ein god måte å sikra denne krafta på framom andre tiltak i naturen, seier Eskeland.

Saka har vore inne til klagehandsaming i OED etter at Bergen og Hordaland Turlag, Forum for Natur og Friluftsliv i Hordaland, Naturvernforbundet i Kvinnherad og Kvinnherad Turlag i fellesskap klaga saka inn til departementet.

Les også: Naturvernforbundet vil kjempa for Hellandselva

– Innspela frå Naturvernforbundet og turistforeininga har vore viktige bidrag for å justera seg inn og ta større natur- og miljøomsyn. Og sjølv om dette betyr noko mindre kraft produsert, har det vore gode korrektiv for at ein skal ta omsyn også til naturressursane i området, seier Liv Kari Eskeland.

Inntaket er flytta ned frå Bremstølen, og turgåarar vil no sjå mindre av tiltaket enn det som låg i dei opphavlege planane.

Lokal høgrepolitikar, Leif Sverre Enes, peikar på auka lokal aktivitet i byggjeperioden:

– Kraftutbygginga vil gje verdfulle arbeidsplassar i anleggsperioden som blir på 1,5–2 år. 15–25 personar vil vera i sving i denne perioden som kjem til å starta opp våren 2021 etter først å ha gått gjennom ein planleggings- og anbodsperiode, opplyser Enes.

– Her vil det vera gode høve for lokale og regionale aktørar å melda si interesse, seier Enes, og legg til:

– I tillegg vil det vera gode inntekter for kommune og grunneigarar. Dette er tilleggsinntekter som gjer at kommunen kan gje gode velferdstenester, og grunneigarane vil få noko meir inntekter, slik at grunnlaget for den drifta dei har vert trygga. Slik eg ser det, har dette vore ein grundig prosess hjå OED, og ein har kome fram til ei klok og god avgjerd, avsluttar Enes.

Artikkeltags