«Høgre vil at sjukeheimane i større grad tilpassar mat og måltid til den enkelte sine ynskje og behov»

Av
DEL

MEININGARI seinare tid har vi sett oppslag i media som omhandlar underernæring hos eldre og dette har vore omtalt som «Eldresviket». Det vert sagt at årsaka til underernæring blant eldre er kompleks. Den kan koma av fysisk eller psykisk sjukdom, dårleg appetitt, biverknad av legemidlar, gløymsle eller vanskar med å laga maten.

Undernæring blant eldre førekjem altfor ofte. Ei undersøking blant eldre som fekk heimesjukepleie, viste at 46 % var underernærte, og ei anna undersøking gjort på sjukehus og sjukeheim viste at underernæring hos pasientar og bebuarar var frå 10 til 60 %.

Dei neste fire åra vil Kvinnherad Høgre sikra at matproduksjon til institusjonane skjer lokalt. Vi vil arbeida for gode kjøken ved alle sjukeheimane. Vi ønskjer òg at det i størst mogeleg grad blir lagt vekt på at maten vert servert i ei hyggjeleg ramme, der det blir lagt til rette for fellesskap ved måltidet for dei som ynskjer det. Florence Nightingale var på 1800-talet oppteken av ernæring. Ho sa «Den som berre plasserer maten ved pasienten og håpar pasienten vil eta, forhindrar at pasienten får i seg mat».

Den sosiale og gode ramma rundt måltidet, eller hjelpa som den eldre treng til å få i seg mat, er viktig. Minst like viktig er det at maten ser god ut og luktar godt. Gjennom eit heilt liv har eldre laga seg mattradisjonar og vanar. Desse forsvinn ikkje sjølv om ein flyttar på sjukeheim, og må takast vare på. Difor vil Høgre at sjukeheimane i større grad tilpassar mat og måltid til den enkelte sine ynskje og behov.

Eit flott initiativ frå Dill på Halsnøy har gjort at eldre på Halsnøy og i Husnes-området har fått sendt varm mat heim med hjelp av friviljuge. Det er minst like viktig at eldre personar som bur heime får tilbod om god og næringsrik mat. Difor ser Høgre for seg at denne modellen bør kunna nyttast fleire stadar i kommunen.

Regjeringa har sagt at den vil koma med ei tilskotsordning som kan leggja til rette for å etablering, reetablering og renovering av lokalkjøkken i sjukeheim. Dette vil Kvinnherad Høgre gjera seg nytte av og forbetra nivået på matproduksjon og servering til dei eldre som bur heime eller på institusjonar.

Vi trur på støast kurs med Høgre!

Erlingur Nielsson, leiar Kvinnherad Høgre

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags