«Det er naturleg at største partiet tek leiarskap. Det meiner eg at Høgre har gjort»

Av
DEL

MEININGARKvinnherad Høgre har tolv representantar i noverande kommunestyre og er det klart største partiet framfor Arbeidarpartiet med åtte representantar og Senterpartiet med seks. Andre lister har ein til tre representantar.

Noverande periode har vore ei god tid for Kvinnherad kommune. Mykje har vore gjennomført av gode og naudsynte tiltak. Det er ikkje sjeldan eg har høyrt innbyggjarar seia i løpet av desse fire åra: «Endeleg skjer det noko i Kvinnherad.»

Vi har vore heldige som har hatt ein dyktig ordførar dei siste fire åra. Han har vist pågangsmot og jobba iherdig for kommunen. Det er naturleg at største partiet tek leiarskap. Det meiner eg at Høgre har gjort. Når det er sagt, vil eg òg gi honnør til samarbeidspartiet og andre parti som har vore med på viktige vedtak som vil gi oss ei betre framtid i Kvinnherad.

Det viktigaste ved valet no er å sikra framleis stø kurs framover for Kvinnherad. Nøkkelen til det er å ha rette folk i leiarposisjonar. Kvinnherad Høgre har Leif Sverre som ordførarkandidat. Han har lang erfaring i lokalpolitikken, er framsynt og løysningsorientert med svært gode samarbeidsevner. I denne perioden har Leif Sverre vore gruppeleiar for Høgre og ordføraren sin beste og viktigaste støttespelar. Som gruppeleiar har han òg jobba ivrig etter å få breiast mogleg oppslutning i viktige politiske saker. Ei svært viktig sak for han framover er å skaffa nye areal til bustad og næringsliv. Han har vist at han er oppteken av utviklinga i heile kommunen og er ein viktig pådrivar for «Levande bygder!»

Det er mange bra ordførarkandidatar no til valet, men etter mitt skjønn er det ingen som har dei kvalitetar og erfaringar som Leif Sverre har. Kvinnherad Høgre har gitt ut eit program for dei fire neste åra som er offensivt og samstundes realistisk. Programmet tek sikte på å halda ved like og auka den krafta som har kjenneteikna politikken dei siste fire åra.

Gode veljarar: Eg har tru på Kvinnherad og eg har tru på støast kurs med Høgre.

Erlingur Nielsson

Leiar Kvinnherad Høgre


Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags