Unge Høgre vil ha vekk trynefaktor

UNGE HØGRE: For å terga Unge Høgre-ungdomane litt, nemner vi dei frå venstre: Joar Dale Landa, Vegard Vårdal, Kristoffer Tufta, Erik Reidarsen (styremedlem i Hordaland Unge Høgre), Jon Jarane (1. nestleiar i Hordaland Unge Høgre), Synne Seim Helleland og Atle Buhl.

UNGE HØGRE: For å terga Unge Høgre-ungdomane litt, nemner vi dei frå venstre: Joar Dale Landa, Vegard Vårdal, Kristoffer Tufta, Erik Reidarsen (styremedlem i Hordaland Unge Høgre), Jon Jarane (1. nestleiar i Hordaland Unge Høgre), Synne Seim Helleland og Atle Buhl.

Kvinnherad Unge Høgre heldt årsmøte torsdag førre veke. Ein av resolusjonane frå møtet handla om trynefaktor og karakterar.

DEL

På årsmøtet vart det vedtatt tre resolusjonar:

1. Kvinnherad Unge Høgre vil at kommunane sjølve skal ha ansvar for reguleringa av strandsona – ikkje fylket.

2. Ungdomspartiet vil jobba for at alle som vil skal få lærlingplass. Vidare vil ein gjera bedriftene meir klare over fordelane med å ha lærlingar, og jobba for at opplæringskontoret følgjer ungdommane opp med omsyn til søknadsprosess og kva mogelegheiter ein har.

3. Kvinnherad Unge Høgre vil jobba for å fjerna «trynefaktoren» i karaktergivinga. Ungdomspartiet viser til at karakterane følgjer elevane livet ut, og er avgjerande med omsyn til vidare studiar og jobb. Partiet vil jobba for anonym retting av prøvar, og elles andre måtar å redusera trynefaktoren på.


Nytt styre

Det nye styret er sett saman slik: Leiar: Joar Dale Landa (f. 1998), Toftevåg. Første nestleiar: Vegard Vårdal (f. 2001), Husnes. Andre nestleiar: Atle Buhl (f. 2001), Sunde. Styremedlem: Kristoffer Tufta (f. 1998), Høylandsbygd/Bergen. Styremedlem: Vanessa Øvrevik (2001), Sæbøvik. Økonomiansvarleg: Synne Seim Helleland (f. 2000), Omvikdalen.


Skulering

Årsmøtedagen hadde Kvinnherad Unge Høgre besøk av Einar Holsvik frå Kvinnherad Høgre og to representantar frå Hordaland Unge Høgre.

1. nestleiar i Hordaland Unge Høgre, Jon Jarane, heldt eit ope foredrag på KVV om korleis ein kan gjera det bra på munnleg eksamen, og gav tips og triks til korleis ein best får det til. 13 elevar fekk med seg føredraget.

Nyvalt leiar i Kvinnherad Unge Høgre, Joar Dale Landa, fortel at heile styret skal på skulering i taleteknikk og framføring neste år.

Landa opplyser elles at partilaget har aktivitet minst ein gong i månaden, og dessutan jamleg kontakt med paraplyorganisasjonen i Bergen.

– Heile styret skal på skulering i taleteknikk og framføring neste år, opplyser Landa.

Artikkeltags