Kommentar til Elisabeth Croles angåande Bogsnes og trehogging

Av
DEL

MEININGAR:Les Elisabeth Croles sitt innlegg her: «Det vi ser nå, er et stort sår i landskapet»

Ser du reagerer negativt på hogsten mellom bedehuset og gamleskulen. Eg vart glad! Skogen det er snakk om er gammal, og treng nok sårt å bli hogd (i alle fall om kommunen som eigar skal få nokre kroner for den). Heile Husnes har mykje og lang historie, men når landskapet gror att av skog og kratt er det lett for at historia forsvinn. Snauhogst i avgrensa område er heilt vanleg i vår kultur, så la oss alle gle oss over alle tyttebæra som kjem til å veksa i området i påvente av dei nye bustadane.

Elsa Helland,

nabo til «snauhogsten».

Artikkeltags