Rampenissen har flytta inn

Publisert

I slutten av november kom det eit brev som varsla at ein heilt spesiell gjest var på veg i adventstida. Før familien Grønstøl Hansen i Porsvika visste ordet av det, var rampenissen «Noldus» på plass i heimen.

Det er første gong rampenissen besøkjer familien Grønstøl Hansen, og i løpet av desember månad har han hatt tid til å gjera mange rampestrekar.

– Kva har den rampete nissen funne på? spør vi dei minste barna Ylva (4) og Olea (6).

– Den bæsja i vasken! fortel vesle Ylva.

– Men det var ikkje skikkelig bæsj, held ho fram.

BÆSJ: Ein liten frekkas av ein rampenisse hadde ein morgon bæsja i vasken på badet. Dei små var sjokkerte, men løysingsorienterte som dei var, fann dei ut at det var sjokoladepålegget Nugatti som hadde hamna i vasken. (Foto: Privat).

BÆSJ: Ein liten frekkas av ein rampenisse hadde ein morgon bæsja i vasken på badet. Dei små var sjokkerte, men løysingsorienterte som dei var, fann dei ut at det var sjokoladepålegget Nugatti som hadde hamna i vasken. (Foto: Privat).

Dei to små fekk storebroren til å smaka på, og er no ganske så sikre på at det var Nugatti som låg i vasken.

Populær adventskalender

Det er ikkje berre hos Grønstol Hansen at rampenissen har flytta inn. Olea fortel at det er to andre klassevenninner som også har besøk i år. Og dei er nok ikkje åleine om det. Stadig fleire får årleg besøk av slike rampete nissar, alvar eller andre julefigurar i adventstida, og desse har nye, rare påfunn kvar dag i desember, som ein adventskalender. Det heile starta med ei amerikansk barnebok kalla «Elf on the shelf» som blei gitt ut i 2005 av Carol Awbersold og dottera Chanda Bell. No kan ein følgja med på den amerikanske sida Pinterest og fleirfaldige Instagram-kontoar frå heile verda for å henta idear til kva fantestrekar dei små hjelparane til nissen kan finna på.


– Kvifor kom Noldus til dykk?

– Fordi han hadde lyst å besøka oss, fortel Ylva.

OM NATTA: Olea (6) og Ylva (4) har i år fått besøk av den rampete, vesle nissen Noldus i adventstida. Han er aktiv på nattestid når ungane søv, og kvar morgon er dei spente på å sjå kva han har funne på av fantestrekar.

OM NATTA: Olea (6) og Ylva (4) har i år fått besøk av den rampete, vesle nissen Noldus i adventstida. Han er aktiv på nattestid når ungane søv, og kvar morgon er dei spente på å sjå kva han har funne på av fantestrekar.

Mamma Tonje syntest det verka kjekt med ein rampenisse, og «inviterte» han difor på besøk. Den nye gjesten fall ikkje heilt i smak hos minstejenta i starten av månaden, men etter kvart er Ylva blitt meir fortruleg med han og fantestrekane, og er no meir nysgjerrig på kva han kan ha funne på.

Ein liten ramp

Rampestrekane stoppa ikkje etter do-fasaden i vasken.

– Han tok bamsen min og festa den på veggen med teip, fortel Olea ganske så sjokkert.

– Korleis i all verda klarte han det?

– Han kan både fly og hoppa, fortel seksåringen.

BAMSE: Ein morgon var det synet av bamsen til Olea som var teipa opp på veggen som møtte familien Grønstøl Hansen. Rampenissen Noldus sat nedanfor med eit smil om munnen. (Foto: Privat).

BAMSE: Ein morgon var det synet av bamsen til Olea som var teipa opp på veggen som møtte familien Grønstøl Hansen. Rampenissen Noldus sat nedanfor med eit smil om munnen. (Foto: Privat).

– Har de nokon gong høyrt rampenissen snakka?

– Nei, men vi fekk sjå ein video av at han var i toppen av juletreet der borte på bordet, og då snakka han, meddeler Olea.

– Då ropte han på oss heile natta, seier Ylva med store auge.

Ein morgon hadde Noldus brukt opp alt barberskummet til pappen i huset for å teikna ein snømann i spegelen på badet.

– Og éin dag hadde han teikna på dopapiret vårt, fortel dei to små.

SNØMANN: Ei natt hadde Noldus brukt opp barberskummet til pappen i huset og laga ein snømann i spegelen av det. (Foto: Privat).

SNØMANN: Ei natt hadde Noldus brukt opp barberskummet til pappen i huset og laga ein snømann i spegelen av det. (Foto: Privat).

Magiske evner

Det stod i brevet dei fekk at det var to reglar som gjaldt for Noldus. Det første var at rampenissen ikkje ville bevega seg eller snakka medan det var menneske til stades, så det er for det meste om natta han snik seg rundt og utfører fanteri medan ungane søv. Det andre var at han måtte få kvila og sitja i ro på dagtid, slik at han ikkje mista dei magiske evnene sine, for dei trong han om han skulle fly heim att til Nordpolen i slutten av desember. Om han på tragisk vis skulle vera så uheldig å mista evnene, er det ei løysing i sikte.

– Vi kan dryssa kakestrø på rampenissen for at han skal få dei magiske evnene sine tilbake, fortel Olea.

Nordpolen

Etter adventstida flyttar Noldus ut frå huset deira i Porsvik på Valen.

– Eg trur han kjem til å reisa til Nordpolen på julaftan, han vil nok feira med julenissen, fortel mamma Tonje.

– Kor langt er det til Nordpolen? spør Olea.

– Er det lenger enn til Syden? held ho fram.

Mamma Tonje nikkar på hovudet og fortel at det er eit godt stykke.

– Tenk at han klarer å fly så langt, seier dei to små, nærast forbløffa over eigenskapane til rampenissen.

Begge to forstår at Noldus vil tilbake til julenissen.

– Trur de at han kjem tilbake neste år?

– Nei, han må jo besøka andre også, seier Olea.

– Men kven veit, kanskje rampenissen finn vegen tilbake til neste år for å fortsetja der han slapp? Han har nok garantert mange andre rampestrekar på lur, avsluttar Tonje.

Artikkeltags