«Homofili finst i ein haug av dyreartar – eg kjem på løver, dvergsjimpansar og svaner sånn på ståande fot»

Av
DEL

MEININGAR «Men me ynskjer ikkje å framheva ei spesiell samlivsform, som er imot naturen, ved å heisa flagg og gå i tog»

Årets hjartesukk: Ser at Bjørn Bjørgen skriv at han skulle ønska at kommunedirektøren og formannskapet hadde «mot og mannskap til å stå imot presset frå omverda» og ikkje kjøpa inn Pride-flagg.

Eg skulle ønska at eg kunne seia meg einig.

Det er jo kva politikarar og vi menneske seier og gjer som verkeleg betyr noko, ikkje regnbogeflagget i seg sjølv. Men eg datt av lasset mot tampen då han blanda inn naturen, der faktagrunnlaget tilsynelatande kjem frå ei tid kor trompetar reiv ned murar.

Homofili finst i ein haug av dyreartar – eg kjem på løver, dvergsjimpansar og svaner sånn på ståande fot. Men dersom ein tek fakta med i reknestykket, er argumenta for å kunna bestemma over andre og livet deira brått på tynn is.

Heldigvis er mi oppfatning at kvinnheringar flest er betre i matte.

Naturstridig helsing,

Torstein Lund Eik

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags