Første homofile kristne som får gifta seg

Endeleg får Erik Skjelnæs (70) frå Varaldsøy (t.h.) gifta seg med sambuaren sin gjennom 36 år, Kjell Frølich Benjaminsen (63), i kyrkja. (Foto: Su Thet Mon/NRK).

Endeleg får Erik Skjelnæs (70) frå Varaldsøy (t.h.) gifta seg med sambuaren sin gjennom 36 år, Kjell Frølich Benjaminsen (63), i kyrkja. (Foto: Su Thet Mon/NRK).

Artikkelen er over 2 år gammel

Klokka 00.00 natt til onsdag giftar Erik Skjelnæs (70) frå Varaldsøy seg med sambuaren sin gjennom 36 år, Kjell Frølich Benjaminsen (63). Bryllupet blir historisk.

DEL

Paret blir nemleg det aller første homofile paret som får gifta seg i den norske kyrkja. Måndag denne veka sa kyrkjemøtet ja til ein felles liturgi for likekjønna, og dermed kan homofile få gifta seg i kyrkja.

Dei første til alters er Erik Skjelnæs (70) frå Varaldsøy og Kjell Frølich Benjaminsen (63), som har vore saman sidan 1981. Dei skal gifta seg i Eidskog kyrkje, med Bettina Taugbøl Eckbo som prest. 

– Det er klart dette blir ein stor og spesiell dag. Vi har venta lenge på denne og det er klart det er litt ekstra stas å bli historiske som dei første homofile som får gifta seg i kyrkja, seier Skjelnæs til Kvinnheringen.

70-åringen bur i Oslo, men kjem frå Varaldsøy, og der er han ofte. Han har hus på øya og når han har fri er han ofte tilbake i heimbygda.

– Det er ein nydeleg plass å reisa til.

Paret vurderte òg å gifta seg i kyrkja på Varaldsøy, men droppa relativt raskt dei planane.

– Vi fann ut at presten på Varaldsøy ikkje har ønskje om å vigsla homofile, og då vart det naturleg å leggja vigsla til kyrkja i Eidskog. Sambuaren min Kjell har tilknyting til denne kyrkja. Mellom anna var tipp-tipp oldefar til Kjell med og slo ned svenskane to gonger her i 1814, og det står ein bauta av han utanfor kyrkja, fortel Skjelnæs.

Ikkje overraska

Han er ikkje overraska over at prestane i Kvinnherad seier nei til å vigsla homofile.

– Det må vera deira oppfatning, vi kan ikkje tre det over hovudet på dei, men eg synest eigentleg ikkje det er greitt. Særleg er det trist for unge menneske å oppleva at prestar ikkje vil vigsla dei, seier Skjelnæs.

Store endringar

Skjelnæs er ein relativt vaksen mann, og han fortel at tidene har endra seg mykje sidan han var ung. Han stod tidleg fram som homofil, og innrømmer at det ikkje alltid har vore så lett.

– Tidene har endra seg veldig frå eg kom til Oslo tidelg på 60-talet og fram til i dag. I bygdesamfunnet har eg ikkje merka stor forskjell, på Varaldsøy har det gått greitt og der er eg ikkje blitt hetsa, men noko anna var det i Oslo. Det var vanskeleg, og homofile vart hetsa. Mange opplevde å bli arresterte, berre fordi dei var homofile. Ein måtte leva i skjul og vi måtte gøyma oss. På min arbeidsstad ville dei for eksempel ikkje tilsetja homofile, fortel Skjelnæs.

Han jobba lenge tett saman med Karen Kristine Friele for dei homofile sine rettar, og først mot slutten av 80-talet og ut over 90-talet såg ein at det vart enklare for dei homofile.

Skjelnæs seier han opplevde å vera i selskap der folk gjekk frå selskapet då dei høyrde det var homofile der.

– Det var tøft, absolutt, seier han.
Samstundes er han glad for at det no er blitt mykje enklare, sjølv om det framleis er ein del homofile som ikkje vågar å koma ut av skapet.

Landskjend

Skjelnæs og kjærasten stod måndag fram på NRK og fortalde historia om at dei skal gifta seg. Til NRK sa Skjelnæs at han ville venta med å gifta seg til det vart lovleg i kyrkja.

– Vi har venta lenge på dette og har i det lengste håpa at det skulle gå i orden. Det er viktig for oss å få gifta oss i kyrkja, seier 70-åringen.

I kyrkja på Eidskog vil det koma ein stad mellom 50 og 100 personar. Sidan det skjer midt på natta, blir det ikkje nokon feiring denne kvelden.

– Vi venter til sommaren, då skal vi ha ei skikkeleg feiring, fortel Skjelnæs. 

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags