Denne helga blir truleg ei av dei beste vi får i Kvinnherad denne sommaren, for det er meldt 30 grader dei fleste stadene. Då er det berre éin ting å gjera – kom deg ut og nyt sola, og ta deg ein dukkert for å kjøla deg ned!

Kvinnheringen vil gjerne ha bilde av folk og dyr som badar denne helga, over heile kommunen. Send dei til oss på e-post, så samlar vi dei i ein bildeserie. Hugs namn på kven som er på bildet, kor bildet er tatt, og kven som er fotografen.