Hordfast for kvinnheringar!

Av
DEL

MeiningarMe treng eit Hordfastsamband som lèt seg bygge med fornuftige økonomiske rammer. Ein veg som vil styrke heile Kvinnherad kommune og Sunnhordland.

Ordføraren for heile Kvinnherad

Me er heldige som har ein ordførar som brenn for heile kommunen. Dette gjeld ikkje minst innan vegutbygging. Senterpartiet, saman med eit samrøystes kommunestyre, har fått til mykje viktig vegbygging/utbetring gjennom Kvinnheradpakken. Det har sjeldan vore bygd like mykje veg i kommunen som no – frå nord til sør.

Stamvegane rundt oss er òg viktige. Ulike delar av kommunen knyter seg til E39 og E134 på ulike stader. Difor er traséval på desse stamvegane sentrale og strategiske spørsmål.

Samrøystes kommunestyrevedtak

Kvinnherad kommunestyre har fleire gonger handsama spørsmål knytt til E39. Kommunestyret har primært ynskt seg indre trasé, mellom anna gjennom samrøystes kommunestyrevedtak i 2011. Dette fordi heile traséen ligg nærare Kvinnherad enn midtre trasé. Ordføraren opererer såleis innanfor gjeldande kommunestyrevedtak når han aktivt støttar samarbeidskommunane sitt innspel med støtte for indre trasé. Han var òg innanfor gjeldande kommunestyrevedtak då han støtta Samarbeidsrådet i Sunnhordland (SiS) sitt innspel om støtte til E134.

Innspelet frå SiS om støtte til midtre trasé, vart ikkje støtta av ordføraren.

Ordføraren har i denne saka jobba etter gjeldande kommunestyrevedtak og for heile kommunen.

Indre trasé – det beste trasévalet for heile Kvinnherad

Framtidig utbygging av E39 Hordfast gjev moglegheiter for Kvinnherad.

I sør vil sørleg kryssing av Langenuen leggje til rette for Sunnfast. Sørleg kryssing er vedteke og er uavhengig av traséval vidare. Indre trasé kan byggjast etappevis, medan midtre trasé er heilt avhengig av at Bjørnefjordsbrua let seg bygge. Det er såleis ein fordel for Sunnfast om indre trasé vert valt. Dette då bru over Langenuen vil vere eit naturleg første steg i ei etappevis utbygging av indre trasé. Usikkerheita vil vere mykje mindre enn ved midtre trasé.

For nordsida av kommunen og Rosendal/Årsnes vil indre trasé skape dei beste sambanda til E39. Dette då avstanden vert kortare til europavegen. Heile nordsida vil liggje innan 10 minutt frå ekspressvegen. Dette gjev stort vekstpotensial, samt auka tilgjenge for indre luten over Årsnes–Gjermundshamn.

Innbyggarane i Kvinnherad er òg tydelege på kva som er best for oss. I Kvinnheringen si undersøking stemmer 55% på Indre trasé, medan 27% stemmer for midtre. 18% ynskjer heller at staten brukar pengane på utbetring og rassikring.

Fleire og fleire snur seg mot indre trasé

Det har sidan starten vore svært stor uvisse rundt midtre trasé og Bjørnefjordsbrua. Ei slik bru har aldri blitt bygd før og naturinngrepa vil bli store. Samstundes har anslaget på pris auka frå 19 mrd (2013) til 40 mrd i dag. I bakhovudet har me Nordhordlandsbrua, ei ukomplisert bru til samanlikning. Denne kosta til slutt meir enn 50% over anslaga frå vegvesenet.

At midtre trasé ikkje kan byggast trinnvis har òg vore utfordrande. Dette gjer at ein ikkje har kunna starte deler av prosjektet, sjølv om statsministeren lova oppstart i 2018.

Vertskommunen Bjørnefjorden og fleire nabokommunar ser no varsellampene blinke. Statens vegvesen har brukt meir enn 1.000 millionar (1 mrd) på å utreie brua, men har fortsatt ikkje løysinga klar. Prosjektet står i fare for å dra ut vidare, medan store vegprosjekt som E16 Arna-Voss tvingar seg fram i køen. Bjørnefjorden kommune har såleis snudd og vender seg no mot indre trasé, som er gjennomførbar og konvensjonell.

Nyleg har òg fylkesrådmannen snudd. Fylket har flytta Bjørnefjordsbrua ned frå sine prioriterte prosjekt. Kvinnherad Senterparti meiner dette er klok og god senterpartipolitikk.

Me treng eit hordfastsamband som lèt seg bygge og som kan styrke heile Kvinnherad kommune og Sunnhordland.

Styret i Kvinnherad Senterparti

Artikkeltags