Trekte sak om Hauge barnehage

DEL


Framtida til Hauge barnehage i Høylandsbygd var blant sakene som låg på bordet i formannskapsmøtet torsdag kveld.

Møteprotokollen vart ikkje endeleg klar og godkjent fredag, men frå det politiske sekretariatet får Kvinnheringen opplyst at saka vart trekt. I møtet vart det også reist spørsmål om kvifor saka ikkje gjekk til levekårskomiteen først. Saka skal elles greiast ut meir rundt problemstillinga kommunal/privat barnehage.

I innstillinga til saka var det føreslått å leggja ned Hauge barnehage frå neste barnehageår. Dette fordi det berre vil vera sju born i barnehagen frå hausten av, og berre fire hausten etter. Vidare blir det vist til at det har vore ein aukande tendens at barn frå Hauge barnehage blir søkt over til den private barnehagen i Eidsmarka.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags