Ny bok om rutebåtane til HSD

Artikkelen er over 1 år gammel

Fjordabåtinteresserte får truleg ein god haust, for ei ny bok om rutebåtane til HSD kjem til ein bokhandel nær deg i slutten av månaden.

DEL

Det er Kapabel forlag, med andre ord HSD-propellen Otto Ersland, som kjem med den glade bodskapen i ei pressemelding. Er du i tillegg glad i årstal, kan du ropa halleluja, for 2019 er ifølgje Ersland eit jubelår med mange milepålar for HSD-interesserte:

I 2019 er det 165 år sidan hjulbåten «Patriot» – altså i 1854 – gjorde den første freistnaden på rutefart mellom Bergen og Hardanger; og 150 år sidan, i 1869, at «Hardangeren» kom i fart på same strekninga; og 90 år sidan, i 1929, at HSD fekk sitt siste dampskip, «Aalvik»; og 70 år sidan, i 1949, at «Sunnhordland» vart sett inn i Sunnhordland Snøggruter; og 60 år sidan, i 1959, at Odda-båten «Hardangerfjord» kom; og 20 år sidan, i 1999, at «Bremnes», den siste godsbåten, gjekk ut or HSD-flåten.

– Difor kjem det bok om rutebåtane til HSD no i 2018, naglar rutebåt- og ferjeelskaren Ersland fast.

Forfattaren er Bård Kolltveit, pensjonert direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum, som mellom anna har skrive bøkene til 100- og 125-årsjubilea i HSD.

Heilt sidan barndomen har han kjent seg nært knytt til selskapet, framfor alt til passasjer- og lastebåtane. I denne boka får 38 HSD-båtar, med unntak av bilferjer, snøggbåtar og leigebåtar, kvar sin omtale bygd på ein serie artiklar i meldingsbladet HSD-posten frå 1960- til 1980-talet, med tillegg av eit par skip som høyrer naturleg med i framstillinga.

Boka er på om lag 200 sider og fortel historia om HSD sine laste- og passasjerbåtar frå «Patriot» i 1854 til «Bremnes» i 1999. Boka kjem ut 21. september og blir i sal kort etter.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags