Gå til sidens hovedinnhold

Stand-up på Bar 5460

Artikkelen er over 3 år gammel

Fredag 17. november kjem stand-up-komikar Dag Sørås for å halda show på Bar 5460 på Husnes.

Denne kvelden får du høyra heilt nytt materiale frå ein av landets framstormande komikarar. Sørås vil nemleg testa materiale til det nye showet sitt på kvinnheringane. Det nye showet har premiere våren 2018. Sørås er kjent for å vera hardtslåande, samfunnskritisk og kvass. Han blei «Årets stand-up-komikar» under Komiprisen 2016 for showet sitt «Ekkokammer», og showet hans «Kognitiv Dissonans» frå 2014 fekk også gode kritikkar. No ser du han også på TV Norge i programmet «Mandagsklubben» saman med ein gjeng andre norske komikarar.

– Fordi dette er eit «testshow» som kan medføra justeringar undervegs og nokre uferdige vitsar, tilbyr vi ein svært hyggjeleg billettpris, skriv Bar 5460, og oppmodar folk om å vera tidleg ute med å sikra seg billett fordi det er avgrensa plass på grunn av sitjeplassar for publikum.

Kommentarer til denne saken