Tull og tøys om nytt Bruvik-firma

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Du skjønte det sikkert, men for ordens skuld: Saka om at Tomas Bruvik (46) hadde starta selskapet «Bruvik Sykkel & Salt» var sjølvsagt ein aprilspøk.

DEL


Når katten er vekke, dansar musene på bordet, som dei seier. På måndag 1. april hadde vi ei sak om at Tomas Bruvik (46) etter ein lang karriere i media var klar til å starta på nytt med selskapet Bruvik Sykkel & Salt. Vi skreiv at Bruvik var inspirert av selskapet «Foodora», som syklar restaurantmat heim til folk, og at han no ville gjera det i Kvinnherad.

Bruvik, som for tida har permisjon frå Kvinnheringen, visste ingenting om at redaksjonen kom til å tulla med han, før han såg saka på trykk. Han tok spøken med knusande ro, men trudde ikkje mange ville falla for den:

– Det var heilt i orden med ein aprilspøk, men eg veit ikkje om den trefte sånn humoristisk sett. Den var litt for usannsynleg. Eg fekk berre nokre tullemeldingar frå folk eg kjenner utover dagen, skreiv sjefen vår då han såg artikkelen.

Det har han truleg rett i, for det tok ikkje lang tid før kommentarane med latterfjes og «april, april» kom inn under saka på Kvinnheringen si Facebook-side.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken