Humor-heilaftan med Brekke og Torget

KOMI-DUO: Roar Brekke (fremst) frå Odda og Arne Torget frå Husnes skal få folk til å skratta på Peppes i morgon. (Arkivfoto).

KOMI-DUO: Roar Brekke (fremst) frå Odda og Arne Torget frå Husnes skal få folk til å skratta på Peppes i morgon. (Arkivfoto).

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

I morgon skal komikarane Roar Brekke og Arne Torget ha ein heilaftan med stand-up og musikk på Peppes.

DEL


Roar Brekke og Arne Torget kjem for å framføra eit forrykande show på Peppes Pizza på Husnes i morgon kveld, før trubadur Hennig Sæbø fullfører kvelden med musikk. Det melder Torget i ei pressemelding. Roar Brekke er blant dei mest brukte og erfarne komikarane på vestlandet. På Husnes har han gjort stor suksess både på revy og meg eigne show. Han har sett opp fire heilaftans show, og denne gongen blir det ferske vitsar og sprø observasjonar frå oddingen. Arne Torget har bakgrunn frå revy, som konferansier og poet, og har meir enn 30 års fartstid som underhaldar. Roar og Arne ser for seg å ha fleire show saman i haust ifølgje pressemeldinga. Fredag kveld er det Etne som får besøk, før det blir Husnes laurdagen. Det kan òg bli fleire slike kveldar i Kvinnherad, melder duoen.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken