Laurdag kjem denne luringen til Åkra

På laurdag kjem «Han Innante & son» med humorshow og konsert for heile familien.

DEL

– Me satsar på å fylla gymsalen på Åkra skule med folk med sans for god humor og vakre viser, og serverer kveldsmat etterpå til dei som vil. Dette kan bli ein fin laurdagskveld, så gjer deg klar! Velkommen til alle frå 7 år og oppover, står det å lesa på Åkra bygdalag si Facebook-side.

Torolf Nordbø står bak karakteren Han innante. Kanskje hugsar du òg at han deltok i Norske Talenter i 2014, blant anna med sentersjef Geir Jakobsen? Torolf er country/roots/vise- artist, humorist, komikar og forfattar. Dessutan er han utdanna lærar for videregåande skule, men dei siste 15 åra har han jobba på heiltid som artist, komikar, seminarhaldar for næringslivet og forfattar.

Til Åkra har han med seg sonen sin Edvard Nordbø, som har artistnamnet «Edvard Borneo». Musikken han spelar er i sjangeren «Folk`n´Roll».

Saman skal far og son by på god underhaldning for åkrabuen og andre kvinnheringar som vil ta turen. Det blir eit familieshow, med litt ekstra for dei som er i skulealder, og mykje for folk flest.

Artikkeltags