Sjå – VG plukka opp Arne sitt dikt!

(Skjermdump frå VG si sak om Arne Torget).

(Skjermdump frå VG si sak om Arne Torget).

Artikkelen er over 2 år gammel

Via Facebook har «stuntpoet» Arne Torget sitt dikt om Mannen og Lothepus spreidd seg over heile landet. Onsdag blei det VG-oppslag.

DEL

Det rasutsette fjellet «Mannen» i Rauma kommune har versert i riksavisene lenge, og fekk ny merksemd då farenivået blei auka til raudt igjen nyleg og folk blei evakuerte igjen. Då Lothepus tilbydde seg å sprenga fjellet klarte ikkje «stuntpoeten» og husnesing Arne Torget å dy seg, og skreiv eit humoristisk dikt. Diktet spreidde seg kjapt på Facebook, og onsdag ringte VG for å laga sak om diktet.

– Ja, det var ikkje måte på kor heftig merksemd det diktet skulle få. At VG laga sak syntest til og med ungane at var kult, ler Torget når vi ringjer han.

Lothepus har sjølv delt diktet, det same har «Farmen-Gaute» og klimaforskar Kikki Kleiven.

– Det er jo artig at eg når mange. Då eg såg at Lothepus sa han ville skyta ned fjellet såg eg det for meg, og diktet kom kjapt. Eg skreiv det på rundt tre minutt, kommenterer Torget.

Det er ikkje første gongen Torget sine dikt når mange. Diktet hans om Trollpikken i sommar som Bergens Tidende plukka opp, blei delt rundt 4.000 gonger. Og han skriv ikkje berre humor. Då symjar Alexander Dale Oen gjekk bort, blei diktet Torget skreiv om han til og med lese opp i gravferda.

Torget har gitt ut to diktbøker saman med Trygve Hansen, «Hol i gjerdet» og «Skit la gå», og i 2011 gav han ut «Soldråpar».

– Blir det ny bok snart?

– Eg har eit manus ferdig, ei samling med dikt om Pus. Men det er jo litt arbeid med det, så det er ikkje noko eg prioriterer no.

Torget når mange via Facebook-kontoen sin, der han har heile 3.269 vener.

– Finn eg noko å skriva om legg eg det ut, men det er ikkje systematisk. Eg synest det er viktig med litt humor i kvardagen, og det er jo det eg prøver på – å gleda andre.

Her er diktet til Arne:

MANNEN OG LOTHEPUS 

Han er jysla seig, denne Mannen
Så no har dei kopla inn sjølve Alfahannen!
Vil me no sjå at sjølvaste Lothepus
Får gjera Mannen om til ein haug med grus?

Då vil det bli raus omgang med dynamitten Sannsynlegvis ei ladning på storleik med Monolitten.
På eit blunk vil ladninga vera klar
Og Lothepus kveikjer lunta med sigar.

Då kjem heile Mannen til å eksplo-faen-meg-dera
Så dei høyrer smellen over heile verda.
Heile Mannen kjem til å knea
-får håpa ikkje Trumpen trur det er Nord Korea!

Heile nuten kjeme å løsna i eit lass
Og kjem til å landa som steinrøys på Austlandet ein plass!
Mannen landa i ei utmark på ein utedass
Ferdig planert til å byggja eit palass.

Der kjem Petter Pilgård til å byggja hus
På ferdig nysprengd Lothegrus.
I Rauma står NRK og direktesende
-og lure på kva i helsiken hende?

Arne 50 år. Konsekvensutgreiar.

Artikkeltags