To av fire komikarar kan ikkje ta feil: Roar og Rune lovar mykje moro under humorgallaen

Roar Brekke (t.v.) og Rune Johnsen ser fram til å underhalda kvinnheringar saman med André Ulveseter og Sturla Berg Johansen.

Roar Brekke (t.v.) og Rune Johnsen ser fram til å underhalda kvinnheringar saman med André Ulveseter og Sturla Berg Johansen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

9. og 10. juni er det klart for humorgalla på Husnes. Til å vera frå Odda, og dessutan busett i Bergen, verkar Roar Brekke sympatisk glad i kvinnheringar generelt og Husnes spesielt. Dermed blir det humor i teltet på Torgplassen. Tysdag var han og stand-up-kollega Rune Johnsen innom Husnes, blant anna for å fyra opp forventningane.

– Det skjer noko med folk når dei samlast i eit stort partytelt, har det moro og dessutan og får syngja i lag til slutt, filosoferer Brekke.

Han noterte seg sommarrevypausen på Husnes i år og storsenteret sitt initiativ for å skapa anna moro. Dermed tok Brekke kontakt med senterleiar Geir Jakobsen og humorgallaen vart til.

I tillegg til Brekke og Johnsen, skal også Sturla Berg Johansen og André Ulveseter servera stand-up-humor under gallaen. Det er altså snakk om ein firarande av taletrengde humoristar, nokre av dei med eit kroppsspråk som får døvetolkinga av Melodi Grand Prix til å bleikna.

Brekke skulle etter kvart vera godt kjend for kvinnheringane, blant anna gjennom samarbeidet med husnesingen Arne Torget. Mimikk-spesialisten Brekke hadde elles stor suksess med «Allverdens tid» som førte til at han vart nominert til komiprisen 2016.

Askøyværingen Rune Johnsen jobba som musikar frå 1998 til 2008. Då slo han gjennom som stand-up-komikar med showet «Gå mann» som gjekk for fulle hus på Ricks i Bergen i tre månader.

– Med Rune har vi òg ein musikar på laget, smiler Brekke og viser til Johnsen sine evner på tangentar og vokal.

Brekke og Johnsen har jobba saman før. Showet «Rune og Roar rasker over Ricksen» drog fulle hus på Ricks to helger i desember i fjor.

– André Ulveseter er frå Bergen, men bur i Ålesund og er mellom anna kjent for showet «Plenum». Sturla Berg Johansen skulle vera kjent for dei fleste, meiner Brekke.

Dei fire stand-up-komikarane vil byta på å underhalda og plukkar då frå eit etter kvart rikhaldig repertoar av verbal og uttrykksfull moro. Og så blir det allsong til slutt.

– Laurdagsforestillinga er nesten utseld – fredagen er det framleis god plass. Så her er det berre å alliera seg med familie, vener og kollegaer, og sikra seg ein morosam kveld i teltet, oppmodar Brekke og Johnsen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags