Sturla lovar 75 minutt med latter i kulturhuset

Sturla Berg-Johansen kjem tilbake til Husnes og held humorshow i kulturhuset fredag 29. september. Her frå humorgallaen i juni.

Sturla Berg-Johansen kjem tilbake til Husnes og held humorshow i kulturhuset fredag 29. september. Her frå humorgallaen i juni.

Artikkelen er over 3 år gammel

I juni fekk Sturla Berg-Johansen «& Co» folk til å skrattle på humorgallaen på Husnes. Fredag 29. september er han tilbake, men denne gongen åleine, og med ei lengre framsyning med musikk.

DEL

Mange kjenner nok komikaren som programleiar for blant anna «Deal or No Deal», «Norske Talenter» og «Er du smartere enn en 5. klassing?». I juni var han på scena i teltet på Torgplassen på Husnes saman med Roar Brekke og andre komikarar frå Stand Up Norge. Folk skrattlo og koste seg, og derfor er sjansen stor for at mange også vil ha eit gjensyn med Berg-Johansen held det nye soloshowet sitt «#denfølelsen» i Kulturhuset Husnes fredag 29.

– Å vera med på humorgallaen var veldig moro. Denne gongen kjem eg med ei annleis framsyning, der eg har med meg ein pianist. Det blir musikk og morosame songar laga spesielt til dette showet, og sjølvsagt standup om folk eg har møtt og betraktningar eg har gjort meg, fortel han på telefon til Kvinnheringen.

I det nye showet tullar han med litt alvorlege ting, og er ærlegare enn tidlegare. Han kjem blant anna til å snakka om gravferda til mormora si, der alt gjekk gale:

– Eg har spurd mor mi om ho hugsar den gravferda, men då var ho så trist at ho ikkje tenkte over det. Når eg fortel om det no held ho på å le seg i hel. Det er faktisk mykje humor i vanskelege og triste situasjonar.

Berg-Johansen kjem også til å fortelja historier frå tida i TV2, og frå reisene til Afrika og andre stader i verda.

– Det blir først og fremst eit skikkeleg «feelgood»-show, 75 minutt med latter, lovar han.

Framsyninga han turnerer med er ganske fersk, og turneen starta i haust. Han seier det er stor forskjell på å jobba med tv og å turnera med standup.

– Du får jo tilbakemelding frå publikum med éin gong, og eg synest det er fantastisk å komma så tett på publikum. Eg har vore på Husnes tre gonger tidlegare, og alltid hatt det kjempemoro. Eg gler meg veldig til å komma tilbake, og håpar det kjem mykje folk for å høyra på meg!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken