«Han innante» på Gry Helges

Torold Nordbø blir å sjå på Gry Helges på laurdag. (Pressefoto).

Torold Nordbø blir å sjå på Gry Helges på laurdag. (Pressefoto).

DEL

Til hausten skal Torolf Nordbø turnera med ny revy, saman med blant anna Steinar Albrigtsen, Rita Fotland og Monika Nordli. Men før den tid besøkjer han Husnes og Gry Helges bar og restaurant.

Laurdag kveld brakar det laus med humorshow som inneheld stand-up og musikalsk humor. Torolf Nordbø kjem med karakteren sin «Han Innante» som skal gi folk tett med gapskratt og i tillegg ei «kosa-stund». Etterpå er Torolf Nordbø trubadur der han syng både vakre og humoristiske viser som blant anna er kjent frå NRK og Norsktoppen. Torolf syng og speler gitar og munnspel. Han er også ein flink imitator, noko han viste publikum i Beat for Beat i si tid. Dette brukar han i ein imitasjons-quiz, der han speler deler av songar og får publikum til å synga med, og dei flinkaste til å svara får eigenproduserte cd-ar som premie.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags