Ungdommar redda hund etter at eigaren skadde seg i fjellet

Fredag kveld måtte ei kvinne hentast ut av fjellet med helikopter. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Fredag kveld måtte ei kvinne hentast ut av fjellet med helikopter. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

DEL

Les også:
Overvelda etter redningsaksjon: – Har aldri møtt så mange snille og hjelpsame folk i løpet av eit døgn!

Fredag kveld blei to kvinner henta ned med helikopter frå Melderskin. Den yngste kvinna, som var på tur med mor si, fekk smerter i kneet som gjorde at ho ikkje klarte å ta seg ned på eiga hand. Begge fekk sitja på med helikopter ned frå fjellet.

Då uhellet skjedde stakk den eine hunden deira av og forsvann i fjellet. Den blei funnen igjen av nokre lokale ungdommar som var på tur seinare på natta, som klarte å få med seg den dehydrerte hunden ned.

Seinare blei den lukkeleg gjenforent med eigaren, og Håkon Tørvik ved Kvinnherad lensmannskontor rosar ungdommane for den flotte innsatsen.

Artikkeltags