Gå til sidens hovedinnhold

Sakna hund kom heim av seg sjølv

Artikkelen er over 5 år gammel

Ein hundeeigar har kontakta politiet om ein sakna hund på Valen.

Siste-siste: Klokka 16.15 kunne ein glad eigar melda at hunden kom til rette av seg sjølv.

Ein svart hund av rasen norsk elghund forsvann frå Eikelandshaugen/Eikeland på Valen tysdag kveld, og er framleis ikkje komen til rette. Hunden har ikkje halsband eller ID, men har ei kvit «stjerne» i pelsen på brystet.

Dersom nokon har funne eller observert hunden blir politiet og eigaren takksame for tips på telefon 93402075 (eigaren) eller 02800 (politiet).

Kommentarer til denne saken