Hurtigbåten går ikkje til og frå Sunde, og sambandet Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes er innstilt

Då dette bildet frå Sunde-kaien blei tatt, var det langt finare vêr enn i dag, måndag 17. februar 2020. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Då dette bildet frå Sunde-kaien blei tatt, var det langt finare vêr enn i dag, måndag 17. februar 2020. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

DEL

Like før klokka 14 måndag meldte Norled at hurtigbåten ikkje vil leggja til kai på Sunde, og at anløp til og frå Sunde er kansellert inntil vidare. Båten går derimot mellom Ranavik og Leirvik enn så lenge.

Fjord1 meldte måndag morgon at sambandet Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes er innstilt på grunn av vêret. Rundt klokka 15.08 kom det melding om at rute 2 i sambandet er i normal drift, men at det kan bli innstilt igjen på kort varsel.

Reisande bør sjekka meldingar på reiarlaga sine nettsider for oppdatert informasjon.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken