Sving deg i dansen på jonsokfesten i Husnes Båthamn

Denne gjengen gler seg til å skapa liv og røre i Husnes Båthamn på jonsokaftan. F.v.: Gunn Kristin Raudstein (Røde Kors), Andreas Kal-destad (Røde Kors), Anne-Grethe Høisæther (Husnes Båtlag), Olaug Heggenes (musikar) og Margrete Rusten (Røde Kors).

Denne gjengen gler seg til å skapa liv og røre i Husnes Båthamn på jonsokaftan. F.v.: Gunn Kristin Raudstein (Røde Kors), Andreas Kal-destad (Røde Kors), Anne-Grethe Høisæther (Husnes Båtlag), Olaug Heggenes (musikar) og Margrete Rusten (Røde Kors). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Husnes Båtlag og Kvinnherad Røde Kors Hjelpekorps har slått seg saman for å skapa ein fin aktivitetsdag i Husnes Båthamn på jonsokaftan. Programmet startar om ettermiddagen med hjelpekorpset sine aktivitetar for born og vaksne. Dokkene er på plass, og demonstrasjon og prøving på hjarte- og lungeredning (LHR) står på programmet.

– I tillegg blir det grilling, leik, kviss og ulike andre aktivitetar, lovar tre av representantane for korpset, Gunn Kristin Raudstein, Margrete Rusten og Andreas Kaldestad.

– Og så sant vêr og vind tillèt det, blir det brenning av stort pallebål, legg dei entusiastisk til.

Dans og musikk

– Det har ikkje vore utedans i båthamna på mange år, men i år skal det skje, stråler aktivitetsleiaren i Husnes Båtlag, Anne-Grethe Høisæther.

Ho håpar dette er noko mange danseglade set pris på. Dansen går føre seg i eit stort telt som vert reist på parkeringsplassen. Inni teltet står duoen Trinity og syt for god stemning og rykk i dansefoten.

På spørsmål om kva musikk som vert spelt, får vi dette svaret av vokalist Olaug Heggenes:

– Variert dansemusikk og eigenleg alt mogleg anna!

Med seg i Trinity har ho Karsten Ekeland på keyboard.

Høisæther forsikrar at det vil bli lagt eit skikkeleg dekke på golvet, slik at dansen skal gå lett. Skjenkeløyve er også i orden. Vidare er det opna for førehandssal av billettar på Facebook-sida til Husnes Båtlag.

– Det blir førehandssal fordi vi gjerne vil lodda interessa og vera sikre på at det kjem folk. Men sjølvsagt blir det òg billettsal ved inngangen. Alle danseglade er hjarteleg velkomne, helsar Høisæther.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken