Gå til sidens hovedinnhold

Sjåfør for båtturistane

Artikkelen er over 5 år gammel

Einar Oppedal køyrer skyttelbuss mellom båthamna og storsenteret på Husnes.

– Eg har køyrt i tre veker, og skal halda fram i tre veker til, sa Einar Oppedal då Kvinnheringen trefte han utanfor storsenteret på Husnes måndag førre veke.

For andre året på rad, køyrer han båtturistar frå hamna og opp til storsenteret på Husnes alle dagar bortsett frå søndag. Når Kvinnheringen treff han måndag, er bussen heilt full.

– No er det 15 passasjerar på bussen, 16 blir vi med meg, fortel Oppedal. Vinnaren av frivilligprisen i 2014, gjer sjølvsagt alt heilt frivillig.

– Eg kjem tilbake klokka 12.50, seier han til turistane, i det dei går inn for å handla. Han brukar å kjøra passasjerane tilbake til hamna før neste bussavgang, men kjem og hentar dersom nokon ringjer.

– Det er nokon som likar å gå opp til senteret frå hamna, då berre ringjer dei når dei vil ned igjen, så kjem eg, forklarar Oppedal.

Han brukar openbert ein del tid på å vere sjåfør. Han køyrer tre avgangar frå hamna om dagen med to timars mellomrom. Den første avgangen er klokka 11, dei neste blir då klokka 13 og 15. Talet på passasjerar varierer.

– No har eg full buss, då er det 15, men nokre gonger er det ikkje meir enn 5. Det er heilt avhengig av kor mange båtar som ligg ved hamna til ei kvar tid, påpeikar Einar. Han ser ikkje ut til å vere det minste lei av all køyringa.

– No har eg hatt med meg folk i frå Måløy, Bergen, Haugesund og Askøy, fortel han entusiastisk. Både han sjølv og passasjerane ser ut til å kose seg stort både før og etter den korte turen. Kanskje ikkje så rart at det er god stemning når Einar kjem med gratis rundstykke til gjestane i båthamna til frukost. Rundstykka er spandert av storsenteret.

Kommentarer til denne saken