Deltakar-rekord på Husnes Cup

No er det igjen klart for Husnes Cup. Her frå opptoget i Husnes sentrum i fjor. (Arkivfoto).

No er det igjen klart for Husnes Cup. Her frå opptoget i Husnes sentrum i fjor. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Fotballcupen for ungdommar i alderen 10–12 år blir berre meir og meir populær. Til helga brakar det laus.

DEL

Styreleiar i Trio si fotballgruppe, Kjell Magnar Eide, seier pågangen er stor for å delta i cupen, og at Trio må seia nei til mange lag. Det er rett og slett ikkje kapasitet til å ta imot fleire. Heile 73 lag skal vera med i år, noko som er fire meir enn året før, som òg var rekord. Som alltid er det venteliste av lag som ville vore med.

Dei deltakande laga kjem frå Karmøy i sør til Bergen i nord, og over 700 spelarar vil vera i sving på fotballbanane frå fredag til søndag. I tillegg kjem foreldre og støtteapparat, så i området vil det vera langt over tusen menneske samla i idrettsparken.

I denne turneringa handlar det ikkje om å vinna, men om å ha det kjekt og delta. Ein kårar «fair play»-pris, og alle får diplom og premie og vert feira som vinnarar. Laget som vinn fair-play-prisen får velja om det vil reisa å sjå Brann- eller Haugesund-kamp.

For å få det heile til å gå rundt er det godt over 100 frivillige i sving frå morgon til kveld fredag til søndag. Det skal vera dommarar, vakter ved dei ulike arrangementa og på skulane, folk i kiosken, folk som skal servera og som skal grilla mat til dei svoltne fotballspelarane.

– Vi er svært nøgde med dei frivillige som takkar ja, det set vi stor pris på. Vi er heilt avhengige av dei, seier Eide.

Opptog

– Opptog blir det i kjent stil, til Husnes sentrum. Tidlegare har ein gått Opsangervegen, men dei må gå ny løype i år langs Hidlarvegen og ned i Opsangervegen igjen, på grunn av vegarbeidet. I toget plar det å vera liv og røre, og beste laget i toget får premie.

– For ein del år sidan såg vi for oss at maks 45 lag kom til å delta på cupen, men no er det 73. Fleire kan vi ikkje ha, og vi venter no på klarsignal til å byggja niarbane, slik at vi kan utvida cupen meir, seier Eide.

– Det einaste vi ikkje har kontroll på er eigentleg veret. Skrekken er masse regn på laurdag, det er det einaste vi fryktar.

Rema 1000 er no blitt hovudsponsor for turneringa, og dermed har det offisielle namnet på cupen no blitt Rema 1000 Husnes Cup

Frå Kvinnherad deltek det lag frå Trio, Ternen, Rosendal, Uskedal, Herøysund og Halsnøy.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags