Husnes Cup set ny rekord: – Aldri før har det vore så mange tilreisande

Også i år blir det tog frå cupteltet ved Triohuset til den offisielle opninga på Torgplassen i Husnes sentrum. Her frå 2016. (Arkivfoto).

Også i år blir det tog frå cupteltet ved Triohuset til den offisielle opninga på Torgplassen i Husnes sentrum. Her frå 2016. (Arkivfoto).

Denne helga brakar det laus i Husnes idrettspark.

DEL


Fredag er det «opningsseremoni» med grilling og quiz i cupteltet ved Triohuset. Før klokka ni laurdag morgon blir dei første kampane spelt, og fram til søndag ettermiddag skal 182 kampar spelast.

73 er påmeldte, noko som er ny rekord for Rema 1000 Husnes Cup.

– Vi gler oss. Dette er årets høgdepunkt for heile fotballgruppa. Vi føler vi har god kontroll og innarbeidde rutinar. Mykje går av seg sjølv. Folk som har vore med ei stund veit kva det går i, seier leiar i Trio si fotballgruppe, Kjell Magnar Eide, til Kvinnheringen onsdag.

Web-TV

Vi er til stades på Husnes Stadion i helga. Desse kampane kan ein sjå direkte på Kvinnheringen.no laurdag:

13:10–13:45 (bane 4): Vedavåg G12 vs. Rosendal G06

13:50–14:25 (bane 1): Ternen J12 vs. Trio J12

14:30–15:05 (bane 2): Djerv 1919 LG11-2 vs. Trio G11

15:10–15:45 (bane 4): Uskedal G11 vs. Vedavåg Karmøy G11-2

15:50–16:25 (bane 8): Trio G9 lag 2 vs. Halsnøy G10

– Det einaste vi ikkje rår over, er sjølvsagt vêret. Vi føler vi er klare til å takla det meste, men blir det ausregn laurdag kan det bli utfordrande med grasbanen. Litt regn toler vi uansett, seier han.

Husnes Cup blir arrangert for 18. gong. I år er det litt færre lokale lag enn det tidlegare har vore, fortel Eide:

– Men vi har aldri hatt like mange tilreisande. Vi er på maks kapasitet no, seier han.

Mellom 100 og 150 personar er i sving som frivillige under turneringa.

– Det er ei viktig «happening» for heile Husnes. Folk må ta seg ein tur bort og sjå. Det skjer mykje og det kan vera kjekt sjølv om ein ikkje er fotballinteressert, fortel Eide.



Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags