Stakk frå politiet

Politiet fekk ikkje tak i personen som oppheldt seg ulovleg på Husnes hotell.

Politiet fekk ikkje tak i personen som oppheldt seg ulovleg på Husnes hotell.

Artikkelen er over 5 år gammel

Ein person som oppheldt seg ulovleg inne på Husnes hotell klarte å stikka av frå politiet.

DEL

Etter hærverket som er blitt gjort på hotellet dei siste dagane bad politiet om tips frå publikum viss dei observerte nokon i området. Tysdag kveld kom det tips, og ein politipatrulje rykte ut til staden. Tipsaren såg ein person inne i bygget, men vedkommande klarte å stikka frå politiet.

– Nokon har gjort innbrot og opphalde seg i hotellet. Dessverre fekk vi ikkje tak i vedkommande, men vi gjorde undersøkingar inne og beslagla blant anna mindre mengder narkotika i pulverform, seier politibetjent Torgeir Fosse.

Han vil ikkje spekulera i om fleire personar har budd i hotellet, men seier det ikkje er første gongen det har skjedd:

– Tidlegare har vi henta ut personar som har budd der i fleire dagar.

Fosse oppfordrar folk til å halda fram med å tipsa politiet dersom dei ser mistenkjeleg aktivitet ved hotellet.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags