Fyller bil med julegåver til trengande

SKAL FYLLAST: Denne varebilen står no på Husnes Storsenter, klar til å fyllast opp med julegåver. (Foto: Husnes Storsenter).

SKAL FYLLAST: Denne varebilen står no på Husnes Storsenter, klar til å fyllast opp med julegåver. (Foto: Husnes Storsenter).

Artikkelen er over 2 år gammel

Husnes Storsenter ønskjer å fylla opp ein varebil med julegåver til trengande, men treng hjelp av folket.

DEL

Les også: Deler ut storsum til par som vil gifta seg på Husnes Storsenter

Inne på Husnes Storsenter står det no ein varebil, og håpet er at den blir fylt opp av gåver frå snille kvinnheringar som vil gleda nokon som treng litt ekstra hjelp i jula. Ideen er eit samarbeid mellom Husnes Storsenter og Kvinnherad Frivilligsentral.

– Denne ideen har eg tenkt på lenge, og i år fekk vi det til. Folk kan gi kva som helst, gjerne mat òg, så lenge det kan oppbevarast i romtemperatur og held seg ei stund, til dømes tørrvarer. Det er kome inn ein del allereie, og butikkane har òg bidrege med litt forskjellig, fortel senterleiar Geir Jakobsen.

Det er frivilligsentralen som skal pakka om og dela ut gåvene til nokon som treng det, og derfor er det best om gåvene som blir lagt i bilen ikkje er pakka inn frå før. Og til dei som lurer på om pakkane ligg trygt fram til julaftan, forsikrar senterleiaren om at bilen blir låst kvar kveld når senteret stengjer. Det er dessutan kameraovervåking på senteret.

Artikkeltags