– Ønskjer fart i utviklinga av Husnes som regionsenter

Synnøve Handeland er ny leiar i Husnes Vekst. (Foto: Kristian Hus).

Synnøve Handeland er ny leiar i Husnes Vekst. (Foto: Kristian Hus).

Innhaldet i tittelen er òg grunnen til at Synnøve Handeland (51) måndag sa ja til vervet som leiar for Husnes Vekst.

DEL

– Eg takka ja fordi eg ønskjer å få blåst liv i arbeidet med å utvikla Husnes som regionsenter. No er det gått fem år sidan Husnes fekk statusen, utan at vi har fått noka vidareutvikling, seier Handeland.

Ho ønskjer seg fleire og meir varierte arbeidsplassar i regionsenteret, og meiner eit velfungerande senter vil vera bra for heile kommunen. I tillegg kan det bidra til å lokka ungdomen tilbake etter at dei har tatt utdanning utanfor kommunen.

Husnes Vekst bør òg på banen når det gjeld gode kommunikasjonar, meiner den nyvalde styreleiaren.

– Gode kommunikasjonar inn og ut av Kvinnherad er avgjerande om vi vil unngå nedgang i folketalet. Det blir ein slags ironi at vi ligg langs den kyststripa som er spådd stor vekst og utvikling, medan tilknytinga til «gullkysten» er for dårleg, påpeikar Handeland.

Med desse to kampsakene reknar den nyvalde leiaren å ha nok å ta fatt på.

Handeland har lang erfaring både frå næringsliv og politikk og driv i dag eige advokatkontor på Husnes.

Styret i Husnes Vekst er no sett saman slik: Synnøve Handeland, Håkon Røstbø, Merete Hersvik, Per Henrik Opdal, Jarle Haktorson, og Guttorm Røssland. Vara: Jostein Tjeldflåt og Oddmund Skår.

STYRET: F.v. Håkon Røstbø, Oddmund Skår, Synnøve Handeland, Per Henrik Opdal, Jostein Tjeldflåt og Jarle Haktorson. (Foto: Kristian Hus).

STYRET: F.v. Håkon Røstbø, Oddmund Skår, Synnøve Handeland, Per Henrik Opdal, Jostein Tjeldflåt og Jarle Haktorson. (Foto: Kristian Hus).




Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags