12 trafikksikringstiltak Husnes Vekst ønskjer seg

Ein av stadane Husnes Vekst meiner bør utbetrast er her i Bogsnes. Stykket mellom gamleskulen og dette krysset har ikkje gatelys eller gang/sykkelveg. (Foto: Kristian Hus).

Ein av stadane Husnes Vekst meiner bør utbetrast er her i Bogsnes. Stykket mellom gamleskulen og dette krysset har ikkje gatelys eller gang/sykkelveg. (Foto: Kristian Hus).

Husnes Vekst har sendt brev til kommunen om 12 tiltak dei ønskjer seg for å betra trafikktryggleiken.

DEL

I brevet heiter det at Husnes Vekst ser at det er trong for mange trafikksikringstiltak, både store og små. Organisasjonen har peika på tolv risikoområde ein meiner må utbetrast, og håpar at ordføraren, politikarane og administrasjonen i Kvinnherad kommune kan prioritera og få gjennomført desse tiltaka.
(Nokre av tiltaka er slått saman i punkta under).

Vil ha forkøyrsveg og 40-sone

På Opsangervegen vil Husnes Vekst at strekkja straks må få tilbake status som forkøyrsveg med nedsett fartsgrense på 40 kilometer i timen. Organisasjonen meiner at det er det indre sentrumet som burde fått status som miljøgate og nedsett fartsgrense til 30 kilometer i timen. I tillegg peikar Husnes Vekst meiner òg at kryssingspunkta over Opsangervegen må lyssetjast langt betre, og at det bør komma gatelys på den mørke Sentrumsvegen frå Opsangervegen oppforbi hotellet.

Farleg vegstykke

Husnes Vekst meiner at strekkja på Fylkesveg 44 frå gamleskulen til krysset ved Bogsnes på rundt 250 meter er eitt av dei farlegaste vegstykka på Husnes, der det har skjedd fleire trafikkuhell. Her ønskjer ein seg gang- og sykkelveg, vegutbetring og gatelys snarast.

Manglar vegskuldrar

Kaldestadvegen mellom Korsvegen og bedehuset på Fylkesveg 44 er ifølgje Husnes Vekst smal, uoversiktleg og svingete, og manglar vegskuldrar. Det fører til at gåande må gå i vegbana og kryssa vegen før svingar. Husnes Vekst meiner det snarast må gjerast strakstiltak dei verste stadene og utarbeidast plan for permanent gang- og sykkelveg og vegutbetring frå Røssland til Kaldestad.

Vil ha lys i rundkøyringane

Husnes Vekst meiner rundkøyringa nærmast bensinstasjonen bør ha godt lys for å trygga dei gåande og syklane, og peikar på at det nye gangfeltet over Onarheimsvegen og nordover mot kyrkja og båthamna er heilt utan lys. Husnes Vekst er glad for at det er kome autovern ved rundkøyringa ved Undarheim skule, men ønskjer seg gatelys også der.

Kabel langs vatnet

I brevet skriv Husnes Vekst at det er planlagt ny høgspentkabel frå trafostasjonen ved Samspel til Opsangervegen for vidareføring av straum til ladestasjon for ferja på Ranavik. Organisasjonen støttar Kvinnherad Energi (KE) sitt ønskje om å leggja kabelen langs vatnet på utsida av Fv44 ved å forlenga den påbegynte muren i vatnet vestover bak det nye busstoppet og fram til turvegen.

– Trasévalet til Kvinnherad Energi medfører at ein får ein fin fasade mot vatnet som hindrar at bølgjene i framtida vil slå over vegen og føra rekved og anna inn i denne. Løysinga vil òg gje eit langt finare inngangsparti til Husnes, skriv Husnes Vekst, og ber om at Kvinnherad Energi får gjennomføra sitt traseval utan restriksjonar frå kommunen.

Ny veg til industriområdet

Husnes Vekst ønskjer seg ein veg mellom Samspel og industriområdet nordaust for Hydro Husnes, og viser til at det tidlegare har vore arbeidd med å knyta Husnes sentrum tettare saman med industriområdet.

– Dette vil gje mindre trafikk og gjera det enkelt og trygt for gåande og syklande både for dei som arbeidar der og dei som har ærend der. Vi ønskjer at Kvinnherad Kommune tek opp att dette arbeidet og går i dialog med Hydro Husnes og interessentar i industriområdet for å finna ei god løysing.

Lys i gangfelt ved Undarheim

I brevet skriv Husnes Vekst at det må koma lys i gangfeltet i Røsslandsvegen nord om Undarheim barneskule, som er mykje nytta av skuleborn i ein sterkt trafikkert veg.

– Det vart lova betring då dei nye LED-lysa vart montert, men gangfeltet er nett like mørkt som det var. Dette kan truleg løysast ved å skifta ut eksisterande lysarmatur ved gangfeltet med eitt med langt kraftigare ljos, står det i brevet.

Betre forhold ved Sunde-kaien

Husnes Vekst peikar på at strekkja fram til snøggbåtkaien på Sunde er mørklagd, og at den burde hatt både fortau og gatelys. Organisasjonen ønskjer seg dessutan betre parkering på sjølve snøggbåtkaien:

– Det er viktig at det største alternativet (Byggetrinn 3, alternativ B) vegvesenet har skissert vert gjennomført med to fulle parkeringsrekkjer på venstre sida frå der ein kjem ned på kaien og ned mot venterommet. Parkeringsplassen og inn-/utkøyrslar må få fast dekke og merkast opp, skiltast og få gatelys.

Lys på Postvegen

Postvegen frå Askedåso via Teigen over Teigadalen til Eikeland er mykje brukt både til nyttetrafikk og fritidsbruk/trim av gåande og syklande, særleg mellom Askedåso og Teigen, skriv Husnes Vekst.

– Vegen er fint restaurert, men går for det aller meste gjennom område utan lys. Ved å lyssetja turvegen vil ein utvida brukstida og få ein langt

tryggare og sikrare veg som knyter gang og sykkelvegen på Husnes saman med gang- og sykkelvegen på Valen. Dette vil òg vera med på å redusera talet mjuke trafikantar på den farlege Fylkesveg 48 mellom Helland og Eikeland.

Gatelys i Teigen

Husnes Vekst skriv til slutt om at Fylkesveg 48 gjennom bustadområda ved Teigen ikkje har gatelys.

– Det er tidlegare sett opp nokre gamle punkt-lys som i dag delvis ikkje lyser. Vegen er sterkt trafikkert, og tiltaket bør prioriterast og

gjennomførast straks, avsluttar Husnes Vekst brevet sitt.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags