Rådyr herja på Peppes

    Gjester og tilsette på Peppes Pizza på Husnes trudde ikkje sine eigne auge då eit rådyr gjekk sprang inn i restauranten og gjekk amok. To 16 år gamle jenter var tøffe nok til å ta tak i det livredde dyret ved horna, og drog det med seg ut. Edward A. R. Olsen (15) fekk det heile på film!

    Artikkelen er over 4 år gammel

    Du veit du bur på bygda når "middagen" spaserer inn i restauranten. Sjå den sprø videosnutten!

    DEL

    Magni Gjuvsland har jobba på Peppes Pizza på Husnes i seks og eit halvt år, og seier det er det sjukaste ho har opplevd. Fredag kveld rett før klokka 22 kom nemleg eit rådyr springande inn i restauranten og gjekk amok!

    - Først sprang det rundt i uterestauranten, heilt vill. Det hadde forvilla seg inn og var skikkeleg skremt. Dyret prøvde å hoppa over gjerdet, og sprang på vindauga. Vi som var der ute blei livredde då det kom mot oss og sprang inn, og då sprang det etter - inn i restauranten!

    Rådyret var kanskje lite, men så aggressivt og skremt at det gjekk heilt amok inne i restauranten. Det knuste ei lykt og trakka rundt i glasbrota. Dyret klarte også å forvilla seg inn bak baren og inn på oppvaskrommet.

    - Både vi som var på jobb og gjestene var heilt handlingslamma. Heldigvis kom det to 15 år gamle jenter som fekk det med seg ut, fortel Gjuvsland.

    Det var Alida Røysland Guddal som tok tak i horna på dyret og fekk ført det ut av restauranten. Venninna Hanne Hauge hjelpte også til.

    - Eg bur jo på gard i Omvikdalen, og er veldig vand med dyr. For meg var det berre moro! fortel ho til Kvinnheringen.

    Dei to uredde jentene fekk kvart sitt gåvekort på ein stor pizza og brus som takk for hjelpa.

    - Det var råtøft gjort, utan dei hadde vi aldri fått dyret ut! Eg er evig takksam, seier Gjuvsland, som framleis var skjelven etter episdoen då Kvinnheringen snakka med ho på telefonen ein time etterpå. Ho og dei andre tilsette måtte då gå i gang med å rydda opp etter dyret. Dei varsla også politiet, i tilfelle rådyret var skadd etter raseringa av restauranten.

    Edward A. R. Olsen (15) var saman med kameratane Mathias Grindheim (15) og Geir Ingvar Remme (15) og gjekk forbi Peppes då dei høyrte alt levenet. Han rakk å filma Alida som heldt rådyret i horna og fekk ført det med seg ut, men venninna Hanne hakk i hel.

    - Rådyret sprang inn og kom seg heilt bak på kjøkkenet. Det var både latter og hyling, folk trudde ikkje det dei såg, fortel han.

    Sjølv har han heller ikkje sett noko liknande.

    - Eg spøkte litt med det etterpå, at vi skulle jo ha slakta dyret og servert det i restauranten. Ferskare kjøt får du jo ikkje! Men nei, huff, det var skremmande då det pågjekk, sjølv om dyret var lite! avsluttar Gjuvsland.

    Sjekk også ut Sandra Haugland sin filmsnutt av rådyret inne på kjøkene her:

    Kortreist mat? 

    Artikkeltags