Gå til sidens hovedinnhold

Ungdom med konkurranseinstinkt

Artikkelen er over 6 år gammel

Onsdag gjekk friidrettsmeisterskapen mellom ungdomsskulane i kommunen av stabelen i Husnes Idrettspark, i det som truleg er det største stemnet arrangert til no.

Rundt 500 elevar frå ungdomskulane i Rosendal, på Hatlestrand, i Åkra og på Husnes deltok. Trass vêret, var det full fart i idrettsparken frå tidleg til langt ut på ettermiddagen.

Ti øvingar stod på konkurranseprogrammet: Liten ball, lengde, 60 meter, høgde, terrengløp (2,7 km), kulestøyt, spydkast, 800 meter, slengball og stafett. I tillegg til det nye stadionanlegget, vart grusbanen, terrenget og ungdomskulen tekne i bruk. Det vart konkurrert i eigne klassar for gutar og jenter på dei ulike trinna.

Det var elevrådet ved Husnes ungdomskule som tok initiativet til arrangementet. Rundt 100 tilsette ved dei deltakande ungdomsskulane var funksjonærar, og hadde ansvar for kvar sine øvingar. Ordførar Synnøve Solbakken stod for opninga. Stemnet er det første arrangert av alle skulane saman i nyare tid.

Under til høgre kan du sjå ein liten bildeserie frå stemnet, og du kan også lesa meir og sjå andre bilde i papiravisa på fredag.

Kommentarer til denne saken