Her blir det bilmesse i februar

Bilinteresserte bør merka seg helga 24. og 25. februar. Då arrangerer Kvinnheringen og dei fire største bilforhandlarane i kommunen ny bil-messe for første gong på mange år.

DEL

Den første helga i vinterferien kan du kika på mange spennande bilnyhende i idrettshallen på Husnes. Då stiller nemleg Kvinnherad Bil & Teknikk, Fylkesnes Bil avdeling Husnes, S. Rødsten Bilforretning og Dimmelsvik Bil ut bilar på rekkje og rad. Det er mange år sidan sist det blei arrangert ei slik messe i Kvinnherad, og derfor tok marknadssjef i Kvinnheringen, Merete Lillesand, kontakt med dei største bilforhandlarane i kommunen for å høyra om dei ville vera med:

- Alle var svært positive då eg tok kontakt, og det er stas at vi som lokalavis kan vera med på å skapa aktivitet og samla alle bilinteresserte under eitt tak ilag med dei. Slike messer plar vera populære. Når dei har vore arrangert i Odda, til dømes, har det kome mange tilreisande. Derfor valde vi å ha messa over to dagar, laurdag og søndag, når vi først skal stilla ut så mange bilar på ein plass, fortel Lillesand.

Ho fortel at Husneshallen kan utnyttast til andre ting enn idrett, og trur bilforhandlarane vil få plass til å stilla ut mellom 20 og 30 nye bilar. Vinteren er ei typisk tid for nylanseringar innanfor bilbransjen, og derfor får dei som vurderer å kjøpa seg ny bil sjansen til å kika på nyhende under denne messa. Den er gratis og open for alle, og det blir kiosk med sal av kaffi og kaker. I forkant skal Kvinnheringen også gi ut ei eiga bilavis som ilegg i den vanlege avisa.

- I tillegg er nokre andre aktørar invitert til messa, som politi, køyreskular og motorsportklubbar. Bil er ikkje «berre bil», det handlar også om trafikktryggleik, og derfor er vi glade for at desse aktørane også er med oss, legg Lillesand til.

Artikkeltags