Tysdag gjekk det så det kvein då 30 ungdomar frå tiandetrinnet ved Husnes ungdomsskule gjekk laus på dei gamle og utslitne kinostolane i Kulturhuset Husnes. Kvelden var sett av til å demontera og bera ut alle dei 452 stolane, men i løpet av ein time var arbeidet ferdig. Ein av foreldra som òg var til stades, Brede Grønningen, lét seg verkeleg imponera over innsatsen. Han gir elevane denne karakteren:

— Knallhard jobbing, utført av flotte og arbeidsvillige ungdomar. All grunn til å hylla dei for innsatsen og høg arbeidsmoral, rosar Grønningen.

Elevane fekk ein pen og velfortent sum for jobben. Kommunen la oppunder 40.000 kroner på bordet til tiandetrinnet, pengar som går til å betala Hovden-turen elevane var på for ei stund sidan. Summen låg klar i budsjettet for full utskifting av stolane av kinosalen.

Ny sal 30. juni

Arbeidet med fornyinga skal etter planen vera ferdig til 30. juni, ifølge verksemdsleiar Knut Bjørgvik. På det tidspunktet skal 444 splitter nye stolar vera på plass. Dessutan skal golvbelegget i heile salen skiftast ut. Det neste som skjer no, er eit lite arbeid med å utvida topplatået. Den øvste stolrekkja blir fjerna for å gi betre plass til rullestolbrukarar. Like over helga kjem det folk for å fjerna det gamle golvbelegget, pussa betongen under og leggja på nytt belegg. Deretter går det slag i slag fram til salen igjen kan opnast om gode seks veker.

Bjørgvik forsikrar at dei nye stolane har høg kvalitet. Ei testgruppe prøvesat i fleire stoltypar, før den beste vart plukka ut.

— Det var denne stoltypen som kom best frå testen og nærast opp til dei kriteriane som var sette. Stolane er kvalitetssikra på alle måtar, solide og komfortable, lovar Bjørgvik.

Budsjettet for renoveringa er på 2.650.000 kroner, inkludert moms. Finansieringa er sikra av eit spleiselag mellom fylket og kommunen, pluss ei betydeleg gåve frå Sparebank 1-stiftinga. Den endelege prisen kan bli litt lågare.

— Mykje tyder på at kostnaden hamnar litt under budsjettet, seier Knut Bjørgvik.