Som Kvinnheringen meldte i oktober, blir det ny OmStock-festival på Torgplassen på Husnes også til sommaren, og fleire av artistane er allereie booka: Stavangerkameratene, Eirik Søfteland, Vidar Johnsen, countryrock-bandet Rød Mix og dei lokale ungdommane i Cold Chase. I tillegg kjem altså Matti Røssland, og han skal spela i Festsalen i Kulturhuset Husnes fredag 1. juni. Røssland, opprinneleg frå Husnes og no heimehøyrande i Haugesund, er nok godt kjent for dei fleste kvinnheringar. Han hadde nokre pausar der han ikkje gav ut musikk, men i 2016 kom «Svanesangen» og «Ein benk rett utfor huset» som gjekk til toppspå Radio 102 si «Topp 40»-liste. I fjor kom «Eg hate deg» og sommarlåten «Herlig».