Det aller første butikksenteret fyller 50

STARTEN: Slik såg Husnes Butikksenter ut i 1967. Knapt til å kjenna igjen. Bensinstasjonen til høgre er parkeringshus i dag.

STARTEN: Slik såg Husnes Butikksenter ut i 1967. Knapt til å kjenna igjen. Bensinstasjonen til høgre er parkeringshus i dag.

Artikkelen er over 1 år gammel

Som eit av dei første butikksentra på Vestlandet, var Husnes Butikksenter eit pionerprosjekt då det vart bygd i 1967.

DEL

50 år er gått sidan Husnes Butikksenter opna dørene for aller første gongen. Nærare bestemt 23. november 1967. Men det blir ikkje noka feiring om dagen er aldri så rund, for verken innhaldet eller namnet er lenger det same. No er bygget ein del av Husnes Storsenter, som feirar heilt andre dagar. Då storsenteret opna i 2008, flytta dei fleste butikkane over i nybygget. Igjen i det opphavlege pionerprosjektet er berre nokre få butikkar, treningsstudio og kontor. Etter at møbelbutikken slutta av, har eit svært lokale stått tomt.

– Senteret har mista den gamle sjela si, seier Jan B. Ingvaldsen med ettertrykk.

USKILJELEGE: Det tidlegare Husnes Butikksenter vil alltid ha ein stor plass i hjarta til Jan B. Ingvaldsen.

USKILJELEGE: Det tidlegare Husnes Butikksenter vil alltid ha ein stor plass i hjarta til Jan B. Ingvaldsen.

Vi anar eit visst vemod. Ingen kjenner Husnes Butikksenter betre enn Jan B. Her heldt askøyværingen til heilt frå han kom til Husnes med familien i 1974, den gongen som butikksjef for dame- og herrekledebutikken Bruflat, og til han tok i bruk nye kontor i storsenteret i 2008.

– I 74 kom eg frå ein butikksjefjobb i Førde. Tanken var å opna sportsbutikk på Askøy saman med bror min. Husnes var berre meint som ein mellomstasjon, fortel han.

Men slik vart det ikkje. Jan B. er her enno, framleis i sving, trass i at han har fylt 70.

Storslagent

Opningsdagen i november 1967 var ein stor dag. Den vesle bygda, som like til Søral kom midt på sekstitalet hadde vore ein utkant av Sunde, fekk plutseleg eit topp moderne butikksenter med åtte detaljforretningar, to bankar, postkontor, reinseri og bensinstasjon. Ikkje lenge etter kom tannlegekontor, legekontor, frisør og rekneskapskontor. Ei ny tid starta. Dette var noko anna enn dei få, spreidde butikkane Husnes hadde frå før. Butikksenteret vart bygd av Brødrene Bakke frå Oslo, seinare JB Bakke AS, og teikna av arkitekt Erling Skorve. Gigantprosjektet var forma som ein L på 3.500 kvadratmeter.

Lio Supermarked var motoren, ein velassortert daglegvarebutikk med fleire spesialavdelingar, mellom anna ei parfymeavdeling. Og ikkje berre det, bygda fekk også ein kiosk som var open om kveldane, og som var ein del av daglegvarebutikken. Ikkje mange stader på Vestlandet kunne skilta med noko liknande. Senteret vart eit naturleg sentrum i industribygda. Dei som budde på Husnes før industrien kom, og som hadde heimane sine på litt avstand frå det nye sentrumet, brukte gjerne uttrykket «ta ein tur i lio for å handla». Uttrykket kom av at den utbygde delen av Husnes heiter Troåslia. Framleis kan ein høyra ein og annan seia det slik, men jamt over er omgrepa «lio» og Troåslia ute av bruk.

Rask utvikling

I løpet av dei første tiåra vart senteret utbygd i fem etappar. L-forma vart til U-form, deretter fekk huset fire vegger med tak over. Då vi skreiv 1989 hadde huset vakse frå 3.500 til 8.000 kvadratmeter. I 1997 kom Senteret på lokale hender med Kvinnherad Sparebank som største aksjonæren. Kvinnherad Elektro og Jan B. var to av dei andre aksjonærane den gongen. I 2000 kjøpte Senteret Torghuset, og fire år seinare kjøpte Mosvold-gruppen alt saman og begynte planlegginga av dagens Husnes Storsenter som opna i 2008.

God ånd

Jan B. gjekk glipp av dei første sju åra til Husnes Butikksenter, eller berre Senteret, som det vart kalla. Men seinare har han fått med seg det som har vore verd å vita. Nokre vil meina vel så det. I mange år var han styreleiar i leigebuarforeininga, og frå 1997, då huset kom på lokale hender, vart det full stilling som senterleiar og stadleg representant for eigarane. Før den tid lærte bygda og huset han å kjenna som ein markant sportshandlar. Alt i 79 kjøpte han Arthur Oxholen sin butikk «Sykkel og Sport» og dreiv denne vidare, saman med kona Pauline, i 20 år. Butikken heitte Husnes Sport.

Vi vil vita meir om den sjela i Senteret Jan B. har nemnd.

– I mange år var vi ein skikkeleg god gjeng som jobba saman i Senteret. Huset hadde rundt 25 butikkar, bankar, tannlege, frisør, reisebyrå og meir til. Ei god ånd rådde i eit vitalt hus. For eksempel hadde vi mange fine festar saman, ikkje minst 30-årsjubileet i 97, fortel han med stjerner i blikket og varmt uttrykk.

– Har du tenkt på kva som var grunnen til det gode miljøet?

– Vi hadde i alle fall gode eigarar i Jan og Kåre Bakke. Dei visste kva dei dreiv med og var alltid opne for å diskutera fram gode løysingar.

Berga med cognac

Men eigarane av Jan B. sitt hjartebarn drog på åra og hadde ingen i familien som ville overta selskapet. I 1996 vart derfor Husnes Butikksenter lyst for sal.

– Ein dag på den tida kom Bakke-brørne til meg og annonserte at dei ønskte å koma heim til Pauline og meg om kvelden. Flott, sa eg, vil de ha middag? Det ville dei ikkje. Men dei ville ta med seg ei flaske cognac og var innstilt på ein prat, hugsar Jan B.

Og praten skulle handla om Senteret. Den kvelden tilbaud brørne Jan B. å kjøpa heile greia.

– På mange måtar eit smigrande tilbod, men eg kunne ikkje ta det på meg åleine. Derimot lova eg å gjera ein innsats for å finna nye eigarar, fortel han om utfallet så langt.

Enden på visa vart den omtalte eigarstrukturen i 97 med Kvinnherad Sparebank som hovudaksjonær og Jan B. som medeigar og dagleg leiar. Jan B. følgde òg med som del av administrasjonen då Mosvold-gruppen overtok i 2004.

– Husnes Storsenter fungerer svært bra med stadig auke i omsetnaden. Dette var ei god løysing for Husnes. Men utbygginga vart kanskje i største laget, meiner den tidlegare senterleiaren.

I tankane har han først og fremst det om lag 3.000 kvadratmeter store lokalet som står tomt etter at møbelbutikken la ned i gamle Husnes Butikksenter. For Jan B. smertar det å sjå slikt.    

Ny tid

I juni 2012 meldte askøyværingen frå om at han ville gå av med pensjon. Det gjorde han ikkje heilt likevel, men han slutta i jobben på storsenteret og starta sitt eige firma, JBI AS. Herfrå driv han med ymse rådgiving, rekneskapshjelp og anna. Han er også Mosvold sin lokale representant på Husnes. Mosvold har i mellomtida selt seg ut av Husnes Storsenter, men eig framleis næringsbygget ved Hellandsbrua, der Jan B. har kontoret sitt.

– Har du nokon gong angra på at du ikkje gjorde alvor av planane om å opna sportsbutikk på Askøy på 70-talet, i staden for å gi deg til på Husnes?

– På ingen måte. På Husnes har eg hatt det kjempefint og heile tida fått jobba med det eg likar og kan. Sånn er det!

Artikkeltags