Avlyser namnekonkurransen

Av
DEL

Formannskapet vedtok torsdag at det likevel ikkje blir endring i namnet på Husnesparken og delar av Opsangervegen. Det var ordføraren som i februar i fjor lyste ut ein namnekonkurranse for området i samband med opninga av miljøgata mellom bensinstasjonen og hotellet.

– Vi må lytta til kva folk seier, og her har det vore ein del motstand, sa ordførar Slettebø.

Forslaget frå Kai Morten Heggøy (Frp) om å senda saka vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd vart stemt ned. Saka vart dermed ferdigbehandla i formannskapet og namnekonkurransen avlyst.

Artikkeltags