Gåve til den som finn det beste namnet

KREATIVT: Her er nokre av namneforslaga som låg i kommentarfeltet til Facebook-gruppa «Kvardagsprat i Kvinnherad».

KREATIVT: Her er nokre av namneforslaga som låg i kommentarfeltet til Facebook-gruppa «Kvardagsprat i Kvinnherad».

Artikkelen er over 1 år gammel

No er konkurransen om nytt namn på Opsangervegen i gang for fullt. Vinnaren stikk av med heider og ære, pluss ei gåve frå Husnes Storsenter.

DEL

Fram til 31. mars kan du senda inn forslag om kva strekninga mellom Circle K og tidlegare Husnes Hotell skal heite. Etter at ordføraren kom med forslaget om eit nytt namn tidlegare i år, har det allereie hagla inn med forslag på Facebook-gruppa "Kvardagsprat i Kvinnherad", og Kvinnheringen si Facebook-side. Til dømes Søralgata, Pepsigata, eller Rånevegen. Diverre er ingen av desse forslaga gyldige, om ein ikkje sender dei inn til kommunen, på Kvinnherad kommune sine heimesider.

– Denne delen av Opsangervegen vert ei flott opparbeidd miljøgate langs Husnesparken, og det vil vera flott om denne vegen kan få eit nytt namn til opninga, skriv Ordførar Slettebø på kommunen sine heimesider.

Han legg også til at både vegnamn og gatenamn er godkjente forslag.

Storsenteret spanderer gåva

Den kvinnheringen som kjem med det beste forslaget vinn ikkje berre heider og ære, men også eit gåvekort på tusen kroner frå Husnes Storsenter. Etter at konkurransen vert avslutta 31. mars, vil kommunestyret vedta det nye namnet i anten april eller mai, før den store opninga av den nye vegen sommaren 2018.

Artikkeltags