Vil skrinleggja «Jonas Lie-parken»

HEIT POTET: Torsdag skal formannskapet ta stilling til om dette området skal få nytt namn, eller om heile namneendringssaka skal leggjast daud.

HEIT POTET: Torsdag skal formannskapet ta stilling til om dette området skal få nytt namn, eller om heile namneendringssaka skal leggjast daud. Foto:

I saka om nytt namn for eit område i nordre del av Opsangervegen på Husnes, innstiller Kommunedirektøren på å la både park- og vegnamn vera i fred.

DEL

Namnesaka kjem opp i formannskapet sitt møte torsdag 11. april til endeleg avgjerd.

Det var ordførar Peder Sjo Slettebø som i gledesrus over Opsangerveg-opprustinga lyste ut namnekonkurranse tidleg i fjor. Nær 200 forslag kom inn. Men etter kvart kom det fram at det å eventuelt endra namn på ein kort stubbe av Opsangervegen, ville føra til ein bråte med adresseendringar og dermed mykje styr for bebuarane i området. Då kom ideen om å gi nytt namn til eit område, og «Jonas Lie-parken» segla opp som det heitaste alternativet. Det skulle visa seg å bli heitt på fleire måtar, for i høyringsrunden var Husnes Vekst, Kvinnherad Mållag og fleire med svært negative.

«Kommunedirektøren har merka seg den store delen av forslagstillarane som ønskjer å behalda namnet på vegstrekkja som det er i dag. Sidan også alle høyringssvara rår til dette, vurderer Kommunedirektøren no at området ikkje bør skifta namn», står det mellom anna i saksførebuinga.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags