Har du eit kult namneforslag til denne gata? Tips ordføraren!

Artikkelen er over 1 år gammel

Etter ein fiks ide frå ordføraren vedtok formannskapet onsdag ettermiddag at Opsangervegen skal få eit gatenamn.

DEL

– Det var berre noko som slo meg. Alle senter som har ein viss storleik har eit gatenamn. Ta Borggata på Leirvik, og Skålagato i Rosendal som eksempel, seier Ordførar Peder Sjo Slettebø.

Ordføraren ser føre seg at gata skal starta ved hotellet og slutta ved bensinstasjonen. Frå hotellet og ned til Podlen vil vegen halda fram med å heite Opsangervegen.

– Vegen startar å ta form, og vi begynner å sjå korleis den vil sjå ut når den er ferdig. Det blir ei fin gate, som vil sjå bra ut frå både Opsangervatnet og frå sentrum, seier Slettebø.

Ordføraren forklarar at han har ein visjon om at Husnes som regionsenter skal veksa.

– For å understreka at Husnes er eit sentrum, fortener det eit gatenamn.

Slettebø har sjølv ikkje komme fram til noko namn enno, men meiner det bør vera eit namn som er identitetsknytt til Husnes.

– Det kan vera alt frå Jonas Lies gate til Hydrogata.

Vil engasjera folket

For å finna eit passande namn tenker ordføraren å setta i gang ein konkurranse, til liks med konkurransen om namnet til Samspel, der alle kan senda inn forslag.

– Vi vil engasjera folket ved å marknadsføra konkurransen på heimesida til kommunen, og i avisene.

Når det nye namnet blir avgjort veit ikkje ordføraren, men han ønsker å ha det klart til opninga av den nye vegen i sommar.

– Eg tenker vi set i gang med konkurransen snarast, så vi har namnet klart til opninga. Det vil vera kjekt å opna vegen med eit splitter nytt gatenamn!

Artikkeltags